«Akerendam» var eit hollansk handelsskip eigd av Det nederlandske austindiakompaniet som forliste utanfor Sunnmøre i 1725. Vraket blei seinare funne av tre dykkarar utanfor øya Runde og kjent som Rundefunnet.

Logoen til Amsterdam-kammeret av Det nederlandske austindiakompaniet (Vereenigde Oostindische Compagnie, VOC, med A for Amsterdam øvst).

«Akerendam» blei bygd i 1724. Det var 145 fot langt og hadde eit mannskap på 200 mann. 19. januar 1725 siglde det frå øya Texel i Nederland saman med to andre skip. Skipet var hovudsakleg lasta med myntar til bruk ved handel i Asia. Målet for reisa var Batavia (noverande Jakarta i Indonesia), men «Akerendam» blei drive ut av kurs av ein storm i Nordsjøen og forliste utanfor fuglefjellet Runde. Heile mannskapet på 200 omkom.

Forliset skjedde nokså nær land, og ei av dei nitten pengekistene blei ført i land av lensmannen i distriktet, Ole Haugsholmen. Etterkvart fekk han hand om bergingsarbeidet saman med folka til den hollandske konsulen, medan den norske staten stod for vakthald. Ein berga opp fire nye kister gjennom sommaren og hausten. Den siste kista var gått så mykje i oppløysing at ho sprang open og fall ned i havet igjen. Etter vinterstormane blei det ikkje funne fleire kister, og ettersom åra gjekk blei vraket gløymd. Gjennom 1800-talet blei det funne enkeltmyntar frå skipet, men desse blei gjerne kopla til soga om eit skip frå Den spanske armadaen som skulle ha forlist ved Runde på 1500-talet.

Tidleg i 1960-åra var det aktuar og historikar Ivar Myklebust frå Ørsta som gjorde kjent opplysingar om forliset, då han fann arkivmateriale etter sjøforklaringa som var blitt halde på tinget i Ørsta (Ørstavik) i 1726. I 1972 fann sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dal att vraket. Dette funnet er også omtala som Rundeskatten. Etter ei undersøking året etter av Bergen Sjøfartsmuseum hadde ein funne rundt 57 000 myntar, 6 600 av dei av gull. Navigasjonsutstyr, gjenstandar frå byssa og personlege eigedelar som sakser og spenner blei også funne.

Skipsvraket er i dag stort sett gått i oppløysing, men dei fleste av dei 36 kanonane skipet hadde og ballaststeinane ligg att. Det blir halde dykketurar ut til vrakstaden.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre