Áššu er ei tidlegare samiskspråkleg avis som fram til februar 2008 kom ut i Kautokeino to gonger i veka. Ho vart starta opp for å vere ein motvekt til den dåverande monopolisten Min Áigi, og også for å gjere Kautokeino meir synleg på det samiske pressekartet ved å få pressevinklinga derifrå. Dekningsområdet var heile det samiske området i Noreg, Sverige og Finland.

Áššu
Type2 gonger i veka
FormatLitt mindre enn tabloid
Oppretta1993
Første trykk2002
Nedlagd2008
MålformNordsamisk
Regionavis forSápmi
Lokalavis forKautokeino
EigarskapSámi Aviisa AS
OpplagOm lag 1 021 (2005)
StadKautokeino
Ansvarleg redaktørAnte Bals  (2006)
Nettstadhttp://www.finnmark.net/assu (virkar ikkje)

I ein periode trykte avisa korte samandrag av kvar artikkel på norsk, men denne praksisen gjekk dei etter kvart bort i frå.

Avisa blei gjeven ut av Sámi Aviisa AS som er eigd av Nordavis AS (35,0%), Norske Samers Riksforbund (32,5%) og Norske Reindriftssamers Landsforbund (32,5 %).

Samanslåing: Ávvir endre

På ein pressekonferanse 15.8.2007 la Áššu og Min Áigi fram planar om å slå seg saman til ei samisk dagsavis, Ávvir. Den nye avisa erstatta dei to gamle på Samefolkets dag, 6. februar 2008.

Opplag endre

  • 2002: 1 129
  • 2003: 1 117
  • 2004: 1 084
  • 2005: 1 021
  • 2006: 975

Bakgrunnsstoff endre