Ándros (gresk Άνδρος), òg kalla Andro, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho er den nordlegaste øya i øygruppa og ligg om lag 10 km søraust for Évvia og om lag 3 km nord for Tínos. Øya er nesten 40 km lang og på det breiaste 16 km. Ándros er ei fjellkledd øy med mange frodige dalar. Hovudbyen heiter òg Ándros og ligg på austkysten med om lag 1 500 innbyggjarar. Øya hadde rundt 18 000 innbyggjarar i 1900 og i dag like over 9 000.

Ándros
Lokalt namn Άνδρος
Ei stand på Ándros
Ei stand på Ándros
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°50′N 24°56′E / 37.833°N 24.933°E / 37.833; 24.933
Øygruppe Kykladane

Areal 379,7 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Ándros
Største busetnad Ándros by (1 428 innb.)

Demografi
Folketal 9 221 (2011[1])
Folketettleik 24,3 /km²

Ándros er frå 2011 den einaste kommunen i periferieininga Ándros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Administrativ inndeling endre

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Historie endre

Øya var i antikken busett av folk frå Jonia og kanskje med ei blanding frå Thrakia. Øya var opphavleg avhengig av Eretria, men på 600-talet fvt. var ho velståande nok til å sende ut fleire kolonistar, mellom anna til Khalkidike (Akanthos, Stageira, Argilus, Sane). Ruinane av Palaeopolis, den antikke hovudstaden, ligg på vestkysten og byen hadde eit kjent tempel tileigna Dionysos. I 480 fvt. forsynte ho skip til Xerxes og vart av den grunn plyndra av den greske flåten. Sjølv om ho vart medlem av Det athenske sjøforbundet var ho fiendtleg innstilt mot Athen, og i 477 fvt. vart ho tvunge inn i eit klerukh. I 411 fvt. erklærte Ándros seg likevel som sjølvstendig, og i 408 fvt. gjekk athenarane til åttak. Som medlem av Det athenske sjøforbundet på ny vart ho igjen kontrollert av ein garnison og ein arkont.

I den hellenistiske perioden låg Ándros ved fronten mellom Makedonia og Egypt. I 333 fvt. fekk ho ein makedonsk garnison frå Antipater, men i 308 fvt. vart ho sett fri av Ptolemaos I av Egypt. I den khremonidiske krigen (266-263 fvt.) gjekk ho igjen til Makedonia etter slaget ved Ándros. I 200 fvt. vart ho erobra av ein flåte med skip frå Romarriket, Pergamon og Ródos, og vart verande under Pergamon fram til riket vart oppløyst i 133 fvt..

Før ho kom inn under Det osmanske riket var Ándros frå 1207 evt. til 1566 styrt av familiane Zeno og Sommariva frå Venezia. Etter eit par hundre år under tyrkarane vart Kykladane ein del av Hellas i 1821.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Ándros by Ándros by 1 428
Batsí Ydroúsa 1 010
Gávrio Ydroúsa 810
Órmos Korthíou Kórthi 557
Pitrofós Ándros by 330

Andre busetnader på øya er:

  • Mesariá (279)
  • Píso Meriá (270)
  • Apíkia (244)
  • Aladinó (223)
  • Steniés (210)
  • Livádia (172)
  • Synéti (165)
  • Ménites (163)
  • Strapouriés (153)
  • Koumaní (153)
  • Paleópoli (128)
  • Káto Féllos (124)
  • Kórthi (116)
  • Áno Aprovátou (113)
  • Kappariá (110)
  • Lámyra (100)
  • Áno Gávrio (100)




Småøyar i kommunen:

  • Akamátis (0)
  • Gáidaros (0)
  • Megálo (0)
  • Platý (0)
  • Prásso (0)
  • Tourlítes (0)

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Andros frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • «Large Bronze Age Town Unearthed On Andros.» New York, N.Y.: Hellenic Times. Sep 2- 30, 2005. Vol. XXXII, Iss. 11; s. 2. ISSN 1059-2121 (link)
  • http://www.gutenberg.org/files/13600/13600-h/13600-h.htm