Ådalsfjella er ei mindre fjellkjede i Ringerike kommune som strekkjer seg nordover frå Skollerud i Ådal og Vælsvatna i Soknedalen til Vidalen i nordvest og Vassfarfoten på grensa mot Vassfaret og Sør-Aurdal i Oppland i nord. Fjellkjeda ligg mellom Sperillen i aust og Strømsoddbygda i Soknedalen i vest.

Utsyn mot Ådalsfjella frå Soknedalen
Foto: Tom Bjørnstad

Ådalsfjella består av ei rekkje mindre toppar og fjell, med Vikerfjellmassivet som det største og høgaste. Gyranfisen (1127 moh.) er det høgaste punktet på Vikerfjell, med Treknatten (1101 moh.) i nord som det nest høgaste punktet.

Sør for Vikerfjell ligg òg Urdevassfjell (953 moh.) og Høgfjell (1 010 moh.). Sørvest for Høgfjellmassivet ligg Tjuenborgen (ei gammal bygdeborg).

Sjå òg endre