Åger er eit juridisk uttrykk som i følgje Straffelova er «ved rettshandel utnytter noens nød, lettsinn, uforstand eller avhengighetsforhold til å oppnå eller betinge et vederlag som etter de foreliggende omstendigheter står i et påtagelig misforhold til det som ytes». Åger vert straffa med bøter og/eller fengsel inntil to år.

I daglegtale tyder det ofte å ta ulovlege eller urimeleg høge renter på lån av pengar. Både Bibelen og Koranen inneheld forbod mot urimeleg utbytte på pengelån. I mellomalderen og tidleg moderne tid var det ein langvarig teologisk/moralsk debatt om i kva tilfelle renter var rekna som syndig. Dette hindra likevel ikkje kyrkja sjølv frå å gjera pengetransaksjonar som ho elles ville rekna som ulovleg som følgje av finansieringsbehov.