Ål kommune

kommune i Buskerud

Ål kommune ligg nord i Hallingdal i Buskerud fylke. Kommunen grensar i aust til Gol og Nes, i sør til Nore og Uvdal, i vest til Hol, i nordaust til Hemsedal og i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane. Kommunegrensene til Ål kommune vart endra i 1979, då eit mindre område vart overført til Hemsedal, og i 2005 då eit mindre område vart overført frå Hol.

Ål kommune
kommune
Utsyn over Ål om vinteren, sett frå den vestre fjellsida.
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Ål
Areal 1 174,98 km²
 - land 1 083,4 km²
 - vatn 91,58 km²
Folketal 5 007  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap)
Kommunenr. 3328
Kart
Ål
60°40′32″N 8°34′37″E / 60.675555555556°N 8.5769444444444°E / 60.675555555556; 8.5769444444444
Wikimedia Commons: Ål
Nettstad: www.aal.kommune.no

Administrasjonssenteret i kommunen er Ål, som har vidaregåande skule og folkehøgskule. Lokalavisa er Hallingdølen, som kjem ut tre dagar i veka.

Geografi endre

Ål kommune strekkjer seg mot nordvest til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. Ål er ein utprega fjellkommune, der over 80 % av arealet er fjell og vidde over 900 moh., med nesten 1700 sjøar og vatn. Det høgste fjellet i kommunen er Raudbergskarvet (1819 moh.) i nordvest på grensa til Lærdal kommune. Eit anna markant og høgt fjell er Reineskarvet (1791 moh.). Hallingdalen dannar hovuddalen i Ål kommune og går gjennom kommunen i den sørlege delen i retning vest–aust, og Hallingdalselve dannar i Ål den lange og smale Strandefjorden. Ål kommune har to tettstader, Ål og Torpo. I tillegg har kommunen bygdene Vats, Leveld, Votndalen, Torpo, Uppheim, Kvinnegardslia, Øvre-Ål, Sundre, Breie og Strand.

Næringsliv endre

 
Tømmerhus med torvtak i Ål i Hallingdal
 
Torpo stavkyrkje
 
Frå Leveld

Ål har eit allsidig næringsliv (med ei fordeling av sysselsette på primærnæring 11%, industri 13%, bygg og anlegg 10%, tertiærnæring 29% og offentleg forvaltning 33% [1]).

Det er mykje eng og beitemark i kommunen og fleire setrar er framleis i drift. Turistnæringa er ei viktig satsing i Ål med kring 2500 hytter, nokre hotell, to alpinanlegg og fleire preparerte løyper, men kommunen er ikkje ein like utprega turiststad som Geilo, Gol og Hemsedal. I tettstaden Ål kjem avisa Hallingdølen ut tre gonger i veka, på tysdagar, torsdagar og laurdagar[2].

Ål er eit skulesenter, med Ål vidaregåande skule og Ål folkehøyskole og kurssenter for døve. Fram til sommaren 2018 hadde Ål vidaregåande skule også ei avdeling for landbruksutdanning på Torpo (Fjellandbruksskolen Lien).

Hallingdal Sjukestugu er distriktsmedisinsk senter i Hallingdal og ligg på Sundre.

Samferdsel endre

Bergensbanen går gjennom Ål kommune, på sørsida av dalen med stasjonane Ål og Torpo. På nordsida av dalen går riksveg 7 Oslo–Bergen. Det er fylkesveg nordover til bygdene Leveld og Vats, og opp til Myking gjennom dalføret til Kvinda. Fleire av vegane i fjellet er bygd ut i samband med kraftutbygginga.

Kjende ålingar endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Drangsland, Kari Anne K. og Stig-Erik Jakobsen: Sluttevaluering av omstillingsprogrammeti Ål. Samfunns- og næringslivsforskning AS. http://www.innovasjonnorge.no/TP_fs/Regional_Omstilling/Dokumentasjon%202010/Ål.pdf[daud lenkje]
  2. http://www.hallingdolen.no/

Bakgrunnsstoff endre

60°37′49″N 8°33′40.2″E / 60.63028°N 8.561167°E / 60.63028; 8.561167