Ålfoten kyrkje

kyrkje i Bremanger kommune

Ålfoten kyrkje står i bygda Ålfoten i Bremanger kommune i Vestland, og er ei lafta langkyrkje frå 1600-talet.

Ålfoten kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bremanger
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Ålfoten
Fellesråd Bremanger
Type Langkyrkje
Teknikk Lafta[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Truleg frå kring 1678[1]
Døypefont Frå 1683[1]
Altartavle Frå tidleg 1600-tal, ommåla i 1767[1]
Sitjeplassar 100[1]
Kart
Ålfoten kyrkje
61°50′23″N 5°40′40″E / 61.8396°N 5.6779°E / 61.8396; 5.6779
Wikimedia Commons: Ålfoten kirke

Eksakt kva år kyrkja vart sett opp har ein ikkje heilt sikre opplysningar om. 300-årsjubileet vart feira i 1978, men ikkje lenge etter vart det lagt fram opplysningar som gjorde at ein no meiner kyrkja er frå 1610.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Ålfoten sokn i Nordfjord prosti. Sokna Davik, Rugsund og Ålfoten høyrde til Eid prestegjeld til 1740. Dei vart då skilde ut som Davik prestegjeld. Det har vore kyrkje i Ålfoten sidan mellomalderen. Det tidlegaste Ålfotkyrkja er nemnd i kjeldene er 1348. Kyrkja som då stod var truleg ei stavkyrkje frå 1200-talet.[2]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Ålfoten kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 6. mars 2021. 
  2. ««Trangt under taket i Ålfot-kyrkja» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 12. januar 2009

Bakgrunnsstoff endre