Ångardsvatnet[1] er eit vatn som ligg i Storlidalen[2] ein del av Lønset kyrkjesokn i Oppdal kommune i Trøndelag.

Ångardsvatnet
innsjø
Ångardsvatnet frå aust-søraust
Foto: Sigmund Rise
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Oppdal
Høgd over havet 583 moh.
Areal 3,24 km²
Kystlengd1 11,32 km
Koordinatar 62°40′23″N 9°9′39″E / 62.67306°N 9.16083°E / 62.67306; 9.16083
Kart
Ångardsvatnet
62°40′23″N 9°09′39″E / 62.673056°N 9.160833°E / 62.673056; 9.160833
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Geografi endre

Vatnet er det største av innsjøane i Lønset og ligg i sjølve Trollheimen, ca 35 km (austenden) vest for Oppdal sentrum og er omgjeve av fjella Gråfjellet, Kråkvasstind og Lorthøa i sør og Bårdsgardskammen og Okla i nord. Ångardsvatnet er bunde saman med Dalsvatnet gjennom Haugelva (1,7 km lang). Innsjøen vart regulert i samanheng med utbygginga av Driva kraftverk som vart opna i 1973. Reguleringa gjorde at elva Vindøla, som renn ut i austenden av Dalsvatnet og går saman med Driva rett nedanfor tettstaden Lønset har svært lita vassføring i delar av året.

Brukshøve endre

Innsjøen gjev gode høve til bading og andre aktivitetar (fiske og båtturar) om sommaren. Lønset grunneigarlag disponerer fiskerettane og sel fiskekort for sportsfiske. Om vinteren gjev det høve til aktivitetar i preparerte skiløyper i tillegg til gode høve til isfiske. Kvart år vert det arrangert isfiskekonkurranse[3] ved påsketid.

Kjelder endre

  1. Ångardsvatnet, arkivert frå originalen 22. mars 2012, henta 12. april 2011 
  2. Storlidalen
  3. Ångardsvatnet, Isfiskekonkurranse[daud lenkje]
  Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.