Årdal kommune

kommune i Vestland fylke i Norge

61°14′N 7°42′E / 61.233°N 7.700°E / 61.233; 7.700

Årdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Årdalstangen
Areal 976 km²
 - land 932 km²
 - vatn 44 km²
Folketal 5 239  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Christian Sønstlien (Ap) (2023)
Kommunenr. 4643
Kart
Årdal kommune
61°17′29″N 7°47′53″E / 61.291389°N 7.798056°E / 61.291389; 7.798056
Wikimedia Commons: Årdal
Nettstad: www.ardal.kommune.no

Årdal kommune er ein industrikommune i Indre Sogn i Vestland fylke. Kommunen ligg inst i Sognefjorden, og grensar i nord og vest til Luster, i aust til Vang (i Oppland fylke) og i sør til Lærdal. Skagastølstindane ligg på grensa mellom Luster og Årdal kommunar. Toppen av Storen (Store Skagastølstind), som er den sørlegaste av Skagastølstindane, markerer kommunegrensa.

Hydro aluminium driv aluminiumsverk i Årdal, Årdal og Sunndal Verk.

Årdalsvatnet

Dei fleste innbyggjarane bur i ein av tettstadane Øvre Årdal og Årdalstangen. Årdalsvatnet ligg mellom desse. Det er Årdalstangen som er kommunesenter. Årdal vidaregåande skule i Øvre Årdal tilbyr utdanning] innan almenne fag, elektrofag, mekaniske fag, helse- og sosialfag og kjemi og prosessfag.

Kommunesoge endre

Årdal kommune vart oppretta i 1860 ved at området vart skilt ut frå Lærdal kommune. Kommunen har sidan hatt utstrekkinga han fekk då, med eit unntak for gardane Muggeteigen og Bermål som vart overførte til Lærdal i 1964.[1]

Folketalsutvikling endre

Årdal kommune hadde sterk auke i folketalet i etterkrigsåra i samband med utbygginga av industrien. I 1953 gjekk Årdal forbi Kyrkjebø i folketal, og vart den største kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal, fram til kommunesamanslåingane i 1964 då den nye storkommunen Flora vart større. Men folketalet i Årdal heldt fram å veksa og nådde toppen i 1972, då det var registrert 7556 innbyggjarar i kommunen.[2] Sidan då har folketalet vore i jamn tilbakegang, men har auka svakt att frå 2006 til 2010.

Folketalsutvikling for Årdal kommune frå 1920:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[2] 1.1.1961[2] 1.1.1971[2] 1.1.1981[2] 1.1.1991[2] 1.1.2001[2] 1.1.2010[2]
1606a 1624a 2182a 3775a 6166a 7547 6661 6222 5760 5634
aTalet omfattar området rundt garden Muggeteigen og husmannsplassane Luggenes og Bergmål på Aspevikstranda, som var del av Årdal kommune fram til det vart overført til Lærdal kommune i 1964. Dette området hadde då 11 innbyggjarar.

Årdal prestegjeld endre

Årdal var òg namnet på eit prestegjeld fram til 2004. Det hadde same utstrekkinga som Årdal kommune og var frå 1970 deld i to sokn, Øvre Årdal og Nedre Årdal. Det er to kyrkjer i det tidlegare prestegjeldet, Farnes kyrkje frå 1970 i Øvre Årdal, og Årdal kyrkje frå 1867 på Årdalstangen. Kyrkja på Årdalstangen erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet. Prestegjeldet vart oppretta i 1863 då området vart utskild frå Lærdal prestegjeld. Fram til 1970 var det berre eit sokn, kalla Årdal sokn, i prestegjeldet.[5] Frå 2004 har prosten i Indre Sogn prosti leia prestetenesta i Årdal.

Tettstader endre

  • Seimsdalen med 413 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Øvre Årdal med 3 082 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Årdalstangen med 1 369 innbyggjarar per 1. januar 2023

Kjende personar fra Årdal endre

Bilde frå Årdal endre

Sjå òg endre

  • Årdal - om namnet Årdal og andre stadar som heiter Årdal

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Årdal kommune» på nettstaden til Fylkearkivet i Sogn og Fjordane
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Folkemengd i Årdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Bakgrunnsstoff endre

Arkiv frå Årdal kommune - registrerte i Arkivportalen.no