Åreknutar eller varicer er ein vanleg sjukdom som inneber at venene i føtene, under huda utvidar seg og dannar tjukkare årer som slynger seg under huda og eventuelt dannar små felt som eit nøste av blodårer.

Åreknutar

Medisinsk namnVaricer
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:454-456, 671
ICD-10-kode:I83, I84, I85, I86
ICPC-2:K95
MeSHD014648

Når vi står roleg utan å forandre tonus (stramminga) i muskulaturen vert det eit auka trykk i venene i føtene for å få blodet opp til hjartet. Når vi nyttar muskulaturen i føtene, til dømes ved gange, vil ventilar i venene i føtene hindre at blodet i venene renn nedover og samantrykking av venen mellom ventilane pumper blodet oppover. Denne effekten kan medverke til utviding av blodårene i føtene om vi står mykje i ro.

Åreknutane gjev høve for at mykje blod står i ro og gjev fare for at blodet kan koagulere, levre seg, i blodåra. Dette kan vere årsak til og resultat av ein årebetennelse, tromboflebitt. Dette gjev raudheit og kraftig ømheit der blodåra er betent.

Eit sår over ein åreknute kan gje ei kraftig bløding.

Dei kraftige teikningane av tjukkare blodårer kan pasienten føle som kosmetisk skjemmande og det kan hindre pasienten i livsutfolding som bading og sport/treningsaktivitetar der kortbukser er det naturlege antrekket. Åreknutar er særs vanleg og opptrer hos 20-60 % av den vaksne folkesetnaden. I ein britisk folkestudie fann ein førekomst på 40% hos menn og 32% hos kvinner, men kvinner søker oftare lege slik at tilstanden vert oppfatta som hyppigare hos kvinner av den grunn.[1]

Hos nokre pasientar skapar åreknutane smerter.

Behandling endre

Tidlegare var det nytta injeksjon av steroidar for å redusere storleiken på åreknutar.

Elastiske strømper kan redusere plagene med åreknutar.

Ved årebetennelse med «overflatisk tromboflebitt» kan det vere aktuelt å bruke ein salve «Hirudoid» som inneheld eit blodfortynnande medikament «heparin».

Det vanlege tiltaket no er operasjon det ein fjernar dei aktuelle blodårene. Det går ei stor vene, Vena Saphena Magna, under huda frå foten, like føre den indre ankelknoken, mediale malleol, oppover like bak kanten av skinnleggen, like bak innsida av kneet, før ho går oppover, framover mot framsida av låret. Ved operasjon kan heile denne venen fjernast ved å tre igjennom ein ståltråd som det vert festa ein liten «kopp» i enden på, som så vert trekt slik at venen vert liggande i "koppen". Andre årer vert fjerna igjennom små sår som vert skjert i huda.

Den store Vena Safena Magna kan òg nyttast dersom pasienten treng operasjon på årene i hjartet, bypass-operasjon eller shunt-operasjon.

Når pasienten ligg på operasjonsbordet, klapper årene saman og er vanskelege å sjå. Derfor opplever pasientane at kirurgen teiknar opp åreknutane med tusjpenn på huda før operasjonen, eventuelt dagen før.

Operasjonen er ofte vellukka når det er smerter av åreknutane. Operasjon av omsyn til det kosmetiske er av og til mislukka.

Kjelder endre

  1. «Åreknuter». Pasienthåndboka.no. Henta 23. oktober 2008.