Årjäng, tidlegare òg kalla Silbodal, er ein svensk tettstad i Värmlands län i landskapet Värmland. Årjäng er administrasjonssenter i Årjäng kommune og hadde i 2006 3172 innbyggjarar.

Årjängstrollet

Årjäng ligg i sørvestre Värmland i nordenden av innsjøen Västra Silen. Årjäng ligg ved E18 om lag tretti kilometer frå grensa til Noreg og om lag 95 km vest for Karlstad.

Årjäng er kjent for statuen «Årjängstrollet» som står på torget i sentrum av staden. Trollet held ein balkong der mange kjende artistar spelt, til dømes Thore Skogman. På staden finn ein òg Årjängs travbane som er kjent som den vakraste travbanen i Sverige. Ved travbanen finn ein sidan 1998 Nordiska travmuseet som er det einaste av sitt slag i Europa[treng kjelde]. Museet prøver å vise heile historia til hesten.

Staden Årjäng kan òg vise til eit nytt hotell med bowlingbane, Systembolag og fleire restaurantar og Sommarvik, ein campingplass. Kyrkeruds folkhögskola, kjend for å utdanne gode bilet- og formkunstnarar, er òg i nærleiken.

Dei mange sjøane og stryka i distriktet inngår i sluseystemet Dalslands kanal. Ein kan derfor segle via sluser og den einaste akvedukten i Norden (i Håverud), heile vegen frå Årjäng til Arvika, Göteborg og Stockholm.

Årjängs kommune er ein viktig handelskommune som i år 2007 vart utpeikt til beste handelskommune i Sverige av Handelns utredningsinstitut och Market. Tettstaden Årjäng har òg stor grensehandel med Noreg, sjølv om han geografisk ligg 30 km frå den norske grensa.

Årjängs største arbeidsgivar er Elektromekan AB som er underleverandør til produksjonssindustrien. Regnkledesprodusenten Abeko og Årjängs Travbana bidrar òg med eit fleirtal arbeidsplassar, grensehandelen er òg viktig. Årjäng har derfor mykje låg arbeidsløyse samanlikna med andre stader i Sverige, sjølv i krisetider.[treng kjelde] Eigedomsmarknaden i Årjäng er normalt prissett 25-35 prosent lågare enn tilsvarande eigedomar på større stader som Arvika, Karlstad og Säffle.[treng kjelde]

Historie endre

Det område Årjäng og Årjängs kommune høyrer til inngår i dei djupe skogsbygdene som med sine mange sjøar og fossar inngår i det svensk-norske grenselandet. Den islandske historikaren Snorre Sturlasson skreiv om desse bygdene på 1200-talet som stader styrt av troll og hekser, ein stad der godt folk burde stogge om dei ikkje måtte.

Årjängs kommune byrja med at Silbodals landskommun i 1924 vart ein del av Årjängs municipalsamhälle. 1941 braut tettstadsdelen ut av kommunen for å danne Årjängs köping. Ved kommunereformen i 1952 vart resten av Silbodal igjen slått saman med köpingen. Samstundes vart storkommunane Holmedal (av Blomskog, Holmedal, Karlanda og Trankil), Töcksmark (av Töcksmark, Västra Fågelvik og Östervallskog) og Sillerud (av Sillerud). 1971 vart Årjängs kommune danna gjennom samanslåing av köpingen med Sillerud og Holmedal. I 1974 vart òg Töcksmark tilført Årjängs kommune.

Stadnamnet endre

i år 1540 finn ein namnet Argenge. Dette ordet har gammalsvensk genitiv av å, noko som truleg er knytt til Silbodalsälven. Morfemet gänge tyder på "gångväg" (over åa).

Befolkning - tilvekst og nedgang endre

Frå 1810 til 1870 meir vart folketalet i stadene som i dag inngår i Årjängs kommun meir enn dobla, frå 9 785 til 19 830 innbyggarar. Frå 1870 gjekk innbyggartalet stadig tilbake og i 1960 var det tilbake til 1810 nivå. Årsaka var stor fattigdom blant folk og dermed særs stor utvandring til USA, og i nokon grad òg til Noreg. Mellom 1960 og 1970 ”utvandra” ytterlegare nesten 2 000 personar frå Årjäng, men då ikkje til USA, men til Göteborg eller Trollhättan for å ta nytt arbeide i bilindustrien. Frå den tida (1970) har talet på innbyggarar halde seg stabilt rundt 10 000.

Kjende personar frå Årjäng endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre