Årstad kyrkje er ei einskipa krosskyrkje frå 1890 som ligg i bydelen Årstad i Bergen kommune, Hordaland fylke. Den er bygd av gneis med ein utvendig kledning av tukta stein. Steinen blei broten på Landås og køyrd til kyrkja på dugnad. Portalane og vindusramene er av kleberstein.

Årstad kyrkje
kyrkje
Foto: Egil Arne Standal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Bergen Domprosti
Sokn Årstad
Fellesråd Bergen
Stad Årstad kyrkje  
Type Krosskyrkje
Periode Nygotikk
Arkitekt Christian Christie
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1890
Tårn Over våpenhuset
Takryttar Over krysset
Portal Vestportal - portalar inn til sakristi i nord og sør
Kor Rett avslutta kor
Skip Midtskip krossarmar og galleri
Preikestol Av tre utført av snikkar Bø
Døypefont Kleberstein, teikna av Christian Christie
Sitjeplassar 560
Kart
Årstad kyrkje
60°22′30″N 5°21′08″E / 60.37510694°N 5.352273°E / 60.37510694; 5.352273
Wikimedia Commons: Årstad kirke

Bygningen endre

 
Årstad kyrje sett frå inngangspartiet, 2007
Foto: Nina Aldin Thune

Skipet og krossarmane har same breidde. Koret er litt smalare og rett avslutta. På kvar side av koret er det eit sakristi. Kyrkja har eit aksialt plassert vesttårn på tre etasjar. På sørsida av tårnet står eit rundt tårn med ei vindeltrapp som fører opp til andre etasje. Tårnet har ein spiss åttekanta hjelm som er tekka med kopar.

Hovudportalen i vest står i tårnfoten og den er utvendig beskytta av eit framspringande saltak. Ein portal fører også inn frå tårnfoten til skipet. Skipet har fire par enkle spissboga vindauge. Krossarmane har tilsvarande vindauge.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre