Åtselbiller
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Underorden: Polyphaga
Overfamilie: Staphylinoidea
Familie: Åtselbiller Silphidae
Latreille, 1806

Åtselbiller (Silphidae) er ei gruppe av biller. Langt frå alle lever av åtsel, mange av artane er rovdyr eller planteetare. Billene er ofte ganske store og fargerike. I Noreg er det funne 17 artar.

Utsjånad endre

 
Necrodes littoralis
 
Necrophila americana (hann)

Billene er mellomstore til store, frå 3 til 35 mm, men dei fleste er over 10 mm. Dei vanlegvis mørke på grunnfarge, men ofte delvis raude eller gule. Gruppa består av to underfamiliar som ser nokså forskjellige ut. Underfamilien Silphinae er meir eller mindre flate, som oftast matte, og med lite til moderat kølleforma, 11-ledda antenner. Hovudet er vanlegvis forholdsvis lite og flatt, og mellom antennene trekt ut til ein kort snute. Det er ikkje noko tydeleg skilje mellom panna (frons) og munnkanten (clypeus). Brystskjoldet (pronotum) er stort, breitt og flatt, vanlegvis minst så breitt som dekkvengene. Dekkvengene er ganske flate med opphøgde lengderibber, og dekker vanlegvis heile bakkroppen. Larvene er mørkfarga, flate og harde. Mellomkroppen (thorax) er breiare enn bakkroppen og dekt av store ryggplater.

Underfamilien åtselgravarar (Nicrophorinae) er store biller, temmeleg sylindriske på form, meir eller mindre blanke med sterkt kølleforma antenner. Det andre leddet i antennene er sterkt redusert slik at dei virkar 10-ledda. Hovudet er stort, nesten like breitt som brystskjoldet, og ikkje spesielt flattrykt, utan «snute». Pannen (frons) og munnkanten (clypeus) er tydeleg skilte med ein saum. Brystskjoldet (pronotum) er ikkje påfallande stort, omtrent så langt som breitt, og ganske kvelva, ofte med tydelege knølar eller groper. Det er langt smalare enn dekkvengene. Dekkvengene er ganske høgt kvelva, utan opphøgde lengderibber, og dei er tvert avbroten og dekker ikkje dei bakarste bakkroppsledda. Larvene er som oftast lyse, sylindriske og mjuke.

Levevis endre

 
Nicrophorus vespillo i Ardennane.

Ikkje alle åtselbiller lever av åtsel. Slektene Silpha og Phosphuga er rovdyr som lever av sniglar. Den vanlegaste arten i Noreg, svart åtselbille (Phosphuga atrata) er blankt svart med eit hovud som er noko forlenga mellom antennene. Dette gjer det enklare for billa å nå inn i sniglehus for å få tak i sniglane. Gråsvart åtselbille (Aclypea opaca) er ein planteeter, og larvene kan gjere ein del skade på hagevokster. Fireprikka åtselbille er eit rovdyr som lever av ulike slags insektlarver. Denne forholdsvis sjeldne arten er knytt til eiketre, der han jakter på sommarfugllarver. Elles er medlemmene av underfamilien Silphinae stort sett knytt til store kadaver, som pattedyr og fuglar.

Åtselgravarar (Nicrophorinae) lever på små åtsel, som smågnagarar og småfuglar. Dei utmerker seg ved ein avanserte yngelpleie. Både mora og faren tar seg av avkommet, noko som er ganske uvanleg hos insekt. Åtselgravarane har god luktesans og flyr godt, så dei kan finne eit kadaver på lang avstand. Både hannar og hoer vert tiltrekt. Desse går då saman om å grave ned kadaveret. Hovudårsaka til at dei gravlegg maten er truleg for å hindre at fluger legg egg på det. Dei rasktveksande flugelarvene ville då gjerne kunne utkonkurrere avkommet til åtselgravarane, sjølv om dei vaksne billene gjerne et flugelarver. Om bakken der åtselet ligg ikkje eignar seg for graving kan billene flytte det ganske langt (namnet Nicrophorus tyder likberar). Når kadaveret er heilt gravlagd, klemmer billene det saman til ein ball, og fjernar alle hår eller fjør. Billene har para seg og hoa legg egg på det samanrulla åtselet. Hannen forlet så ynglekammeret, medan hoa vert igjen og ventar på at eggene skal klekke. Larvene kan ikkje tygge maten sjølv men er avhengige at at mora gulpar opp halvmelta mat til dei.

Om ein ser ein åtselgravar vil ein legge merke til at det ofte sit mange, ganske store, raude midd på han. Desse er ikkje parasittar, men er derimot nyttige for billa. Dette er rovmidd som angrip mellom anna egg av fluger, og dei medverkar dermed til å halde nede bestandane av dyr som konkurrerer med larvene til åtselgravarane. Middane hektar seg fast på åtselgravaren og vert dermed transportert til eit nytt kadaver. Fangar ein ein åtselgravar vil han forsvare seg ved å spy opp illeluktande mageinnhald. Mange åtselgravarar er svarte med raudoransje tverrstriper. Desse påfallande fargene tener truleg som eit signal om at billa er usmakeleg (såkalla aposematisme). Dei kan òg lage ein gnissande lyd ved å gni spissen av dekkvengene mot ei skrape på femte bakkroppsledd, dette er truleg òg ei åtvaring.

Systematisk inndeling / norske arter endre

  • Ordenen Biller, Coleoptera
    • Underordenen Polyphaga
      • Overfamilien Åtsel- og rovbiller, Staphylinoidea
        • Familien Åtselbiller, Silphidae
          • Underfamilien Åtselgravarar, Nicrophorinae
            • Slekta Nicrophorus Fabricius, 1775
              • Svart åtselgraver, Nicrophorus humator (Gleditsch, 1767)
              • Nicrophorus investigator Zetterstedt, 1824
              • Nicrophorus fossor Erichson, 1837
              • Nicrophorus vespilloides Herbst, 1784
              • Nicrophorus vespillo (Linnaeus, 1758)
          • Underfamilien Åtselbiller, Silphinae
            • Slekta Necrodes Leach, 1815
              • Necrodes littoralis (Linnaeus, 1758)
            • Slekta Thanatophilus Leach, 1815
              • Thanatophilus lapponicus (Herbst, 1793)
              • Thanatophilus rugosus (Linnaeus, 1758)
              • Thanatophilus sinuatus (Fabricius, 1775)
              • Thanatophilus dispar (Herbst, 1793)
            • Slekta Oiceoptoma Leach, 1815
            • Slekta Aclypea Reitter, 1884
            • Slekta Dendroxena Motschulsky, 1858
            • Slekta Silpha Linnaeus, 1758
              • Silpha carinata Herbst, 1783
              • Silpha obscura Linnaeus, 1758
              • Silpha tristis Illiger, 1798
            • Slekta Phosphuga Leach, 1817

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Åtselbiller