Ære vere er ein oldkristen doksologi, eller ei lovprisningsbøn. Ho vert ofte bruka i kombinasjon med andre bøner, til dømes i rosenkransbøna og i tidebønene. Liturgisk er bøna særleg mykje nytta i Den katolske kyrkja, men innhaldet er av ein felleskristen art.

Bøna på norsk:
Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,
som det var i opphavet, så no og alltid,
og i all æve,
Amen.
Bøna på latin:
Gloria Patri et Filio et Spiritui Sancto,
sicut erat in principio et nunc et semper
et in saecula saeculorum,
Amen.

Ved bruk i liturgiske samanhenger i Den katolske kyrkja, er det vanleg at ein bukkar djupt mens fyrste lina vert framsagt.

Kjelder endre