18°35′51″N 72°0′53″W / 18.59750°N 72.01472°W / 18.59750; -72.01472

Étang Saumâtre sett frå verdsrommet
Stranda langs Étang Saumâtre i nærleiken av grenseovergangen til Den dominikanske republikken ved Jimani (fotografert i mai 2007).

Étang Saumâtre (også kjend som Azueisjøen) er den største innsjøen i Haiti. Han ligg søraust i landet og grensar til Den dominikanske republikken. Nemninga saumâtre refererer seg til at vatnet i innsjøen er salt (eau saumâtre tyder brakkvatn). Saltsjøen har eit areal på rundt 170 km², og ligg 29 km aust for hovudstaden Port-au-Prince, i det fruktbare låglandet Plaine du Cul-de-Sac. Innsjøen er 29 km lang og på det meste 9,7 km brei, og er heimstad for over 100 artar av sjøfugl, flamingo og spisskrokodille. Han er såleis ein av få innsjøar i verda med ein så rik fauna. Fargen på innsjøen er ein intens blåtone, og han er omgjeven av kratt og kaktus.

Sjølve innsjøen er del av ei kjede saltsjøar i sprekkedalen som er kjend som Cul-de-Sac i Haiti og Hoya de Enriquillo i Den dominkanske republikken. Fordi dalen tidlegare var eit marint sund, ligg fleire delar av han under havnivået.

Kjelder endre

 
 
Étang Saumâtre avmerkt på Haiti-kartet