Ílio
Lokalt namn Ίλιο
Geografi
Stad Aten
Koordinatar 38°02′N 23°41′E / 38.033°N 23.683°E / 38.033; 23.683
Areal 9,25 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Vest-Aten
Hovudsete Ílio (84 793 innb.)
Demografi
Folketal 84 793 (2011[1])
Folketettleik 8970,0 /km²

Ílio (gresk Ίλιο, katharevousa Ίλιον, i antikken Ilium), tidlegare kalla Nea Liosia eller Nea Liossia, er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.[2]

Fjellet Egáleo ligg i vest. Ílio ligg òg søraust for Elevsína, sør for Attikí Odós og nord for Pireus.

Ílio bestod tidlegare hovudsakleg av jordbruksområde, men urbanisering mellom 1950- og 1990-åra har ført til at desse områda stort sett er borte. Berre nær Egáleo finn ein meir steinete og berre landskap. Det vart drive gruvedrift i dei vestlege områda frå 1960-åra og fram til slutten av 1900-talet.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre