«Ios» omdirigerer hit. For operativsystemet til Apple, sjå iOS.

Íos (gresk Ίος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Íos er ei åslendt med høge klipper langs nesten heile kysten. Ho ligg om lag midt mellom Náxos og Santoríni. Ho er om lag 18 km lang og 10 km brei med eit areal på 109 km².

Íos
Lokalt namn Ίος
Khóra på Íos
Khóra på Íos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°43′N 25°20′E / 36.717°N 25.333°E / 36.717; 25.333
Øygruppe Kykladane

Areal 109,024 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Thíra
Største busetnad Íos (1 754 innb.)

Demografi
Folketal 2 024 (2011[1])
Folketettleik 18,6 /km²

Íos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Íos 2 024 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 754 innbyggjarar.[1]

Byen Khóra endre

Hamna på Íos ligg ved Órmos i nordvest. Frå her går det buss eller ein 15 minuttar lang gåtur opp til landsbyen, som vert kalla Khóra eller Íos by. Han består av kvite og svært vakre kykladiske hus, med mange trapper og smale gater. I dag er hovudgata i landsbyen fullstendig basert på turisme med restaurantar, butikkar, barar og diskotek. Bortsett frå hamna og landsbyen Khóra har Íos berre eit par små busetnadar, hovudsakleg eit par spreidde hus i nærleiken av dei store strendene (Psáthi, Ajía Theodóti, Mylopótas, Manganári).

Historie endre

Íos har ikkje sett så mange spor etter seg i historia. I følgje dei antikke segnene var mor til Homer frå Íos, og han sjølv skal visstnok vere gravlagd her. På øya kan ein sjå den antikke byen Plakotos heilt nord på øya, der ein kan sjå inngangen til ei grav der Homer visstnok ligg. Nord på Íos kan ein òg sjå ruinane etter ei venetiansk borg frå 1400-talet. Øya skal visstnok ha like mange kyrkjer og kapell som dagar i året, 365.

Strender endre

Íos trekkjer til seg store mengder unge turistar. På 1970-talet brukte mange av dei å sove i sovepose på stranda eller Mylopótasetter å ha festa heile natta. I dag har Mylopótas utvikla seg til ein feriestad for pakketuristar.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Íos (Khóra) 1 754
Mylopótas 120
Epáno Kámbos 57
Boúris 31
Manganári 29

Dei andre busetnadene i kommunen er:

  • Koumbára (16)
  • Ajía Theodóti (12)
  • Psáthi (5)

Småøyar i kommunen:

  • Petalídi (0)

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre