59°16′21.169″N 15°12′15.808″E / 59.27254694°N 15.20439111°E / 59.27254694; 15.20439111

Örebro
by
Land  Sverige
Areal 5 502 km²
Folketal 126 604 (31. desember 2020)
Kart
Örebro
59°16′01″N 15°11′47″E / 59.2669260014°N 15.196522467624°E / 59.2669260014; 15.196522467624
Wikimedia Commons: Örebro
Byvåpenet til Örebro

Örebro er ein by i landskapet Närke i Sverige. Han er centralort i Örebro kommun og residensstad i Örebro län og den sjette største byen i landet etter innbyggjartal med 107 038 innbyggjarar (2011). Byen ligg på vestbreidda av Hjälmaren.

Byen er sete for länsadministrasjonen og har betydeleg industri, mellom anna metallvare- og maskinindustri, papirfabrikk og verkstader. Her ligg fleire statlege institusjonar, som ei avdeling Statistiska centralbyrån. Store arbeidsgjevarar i dag er Örebro universitet og Universitetssjukhuset i Örebro. Byen var tidlegare garnisonsby, men denne aktiviteten er no borte. Kulturreservatet Wadköping med fleire 1500- og 1600-talsbygninger ligg i byen og det same gjer Nikolaikyrkan frå 1300-talet. Örebro slott ligg på ein holme i Svartån og er frå 1570-åra, men avløyste eit eldre anlegg. Bykjernen er elles prega av gjenoppbygginga etter bybrannen 1854.

Örebro er eit samferdselsknutepunkt med jernbane, samt at E18 frå Oslo og E20 frå Göteborg møtest i Örebro og går vidare som motorveg, Västerleden, til Stockholm. Byen har òg flyplass.

Historie endre

Örebro vart grunnlagd på 1200-talet av tyske kjøpmenn som sentrum for jernhandelen. På 1400- og 1500-talet vart den økonomiske utviklinga til byen hemma av unionskonfliktane, men han vart igjen eit økonomisk sentrum mot slutten av 1500-talet. Örebro slott har hatt ein viktig plass i svensk historie, mellom anna under opprøra til Engelbrekt og Gustav Vasa opprør. Riksdagen møttest fleire gonger i Örebro, bl.a i 1810, då Jean-Baptiste Bernadotte vart vald til tronfølgjar.

Örebro var i første halvdelen av 1900-talet kjent som «skostaden», ettersom det låg mange skofabrikkar der. Desse er no lagde ned. Framleis er Örebro til viss grad ein industriby, sjølv om byen på den seinare delen av 1900-talet meir og meir har blitt meir prega av service- og tenestverksemd og utdanning.

Sport endre

Örebro SK har eit fotballag i den øvste divisjonen for menn, og rykte ned frå den øvste divisjonen i bandy for menn, medan KIF Örebro spelar i den øvste divisjonen for kvinner.

Demografi endre

Folketalsutvikling:

År Folketal
1749 2 147
1840 4 227
1870 9 100
1880 11 785
1890 14 547
1892 14 893
2005 98 237
2010 107 380

Galleri endre

Kjelder endre