Ønskekonserten er eit radioprogramNRK P1 som kvar veke sidan starten i 1950 har spelt plateønska til radiolyttarane. Programmet er det mest populære faste radioprogram i Noreg nokosinne.

Historikk endre

Ønskekonserten hadde ifølgje Norsk Gallup ein lyttardel på opptil 75 % av folkesetnaden i landet i radioens gullalder på 1950-talet. Då sende anslagsvis 200 000 menneskje inn sina musikkynskje til programmet kvart år saman med ei pengegåve til Radiogavefondet. Fondet samla inn pengar til radio- og fjernsynsapparat for trengande, det vil seia sjuke, gamle og fattige, fram til 1992. Forfattaren og visediktaren Alf Prøysen har skildra innsamlingsiveren til Radiogavefondet og populariteten til Ønskekonserten i sin barnesong Basarvise.

Heilt sidan fyrste sending under namnet Ønskekonserten til radiolytterne 28. januar 1950 har Ønskekonserten formidla gratulasjonar og helsingar mellom slekt og venner i Noreg leidd av ei ønskeplate. Sjølv om fjernsynet kom til på 1960-talet, fleire radiokanalar på 1980-talet og andre musikk- og medietilbod sidan, er framleis Ønskekonserten eit omgrep for fleire generasjonar og vert send kvar veke som ein oppegående radioklassiker.

Kjenningsmelodien til Ønskekonserten har i alle år vore Bojarenes inntogsmarsj av Johan Halvorsen.

Kjelder endre

Referansar endre


Bakgrunnsstoff endre