Øresund eller Øyresund er eit sund mellom den danske øya Sjælland og det svenske området Skåne.

Danmark og Sør-Sverige er knytt saman med Øresundbrua.
Mellom Gilleleje og Kullen

Øresund er eit av tre danske sund som går mellom Austersjøen og Kattegat, og er ein av dei travlaste vassvegane i verda.

Øresundbrua opna 1. juli 2000 av kong Carl XVI Gustaf og dronning Margrethe II. Mellom Helsingborg og Helsingør i den nordlege delen av Øresund går det framleis ferjer.

Historie endre

Politisk kontroll av Øresund har vore ei viktig sak i dansk og svensk historie. Danmark hadde militær kontroll med kystfortet Kronborg i Helsingør på vestsida og (fram til 1658) på austsida ved Kärnan i Helsingborg. Begge festningane ligg i eit område der sundet berre er 4 km breitt.

Øresundstollen endre

I 1429 innførte kong Erik av Pommern Ørsundstollen, der ein tok betalt for å la reisande passere sund, bruar, vegar og andre kryssingspunkt, og dette vart ein viktig del av inntekta til staten. Alle skip som passerte gjennom Øresund måtte leggje til i Helsingør og betale toll til den danske krona. Om eit skip nekta å stoppe, kunne kanonar i både Helsingør og Helsingborg opne eld og søkkje det. I 1567 vart tollen endra til 1-2 % skatt av lasteverdien, og dette gav tre gongar så høge inntekter. For å unngå at skipa rett og slett tok ei anna rute vart det òg innført toll i dei to andre danske sunda, Storebælt og Lillebælt.

Øresundtollen var den viktigaste inntektskjelda til den danske krona i fleire hundreår, og dei danske kongane var dermed ganske sjølvstendige i forhold til det danske geheimsrådet og aristokratiet. Sverige var fritatt tollavgifta, sidan dei var ein del av Kalmarunionen med Danmark, men dette vart det slutt på etter Den store nordiske krigen i 1720, sjølv om austsida av sundet no vart svensk.

Københavnkonvensjonen i 1857 gjorde slutt på alle tollavgifter og alle dei danske sunda vart internasjonale farvatn.

Større øyar endre

Kjelder endre

  • Menefee, Samuel Pyeatt, «The Sound Dues and Access to the Baltic Sea» in Renate Platzoder and Philomene Verlaan (eds.), The Baltic Sea: New Developments in National Policies and International Co-Operation (1996), pp. 101-32.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Øresund