Ørnetåka (katalogisert som M16, NGC 6611 (sjølve stjernehopen) og IC 4703 (sjølve tåka)) er ein lys stjernehop av nyleg danna stjerner med ei tilhøyrande emisjonståka som ligg rundt 7000 lysår unna i stjernebiletet slangen.

Hubble-bilete av ørnetåka.

I 1995 fotograferte romteleskopet Hubble tåka for første gong. Biletet viste tre pillarar samansette av kald interstellar hydrogengass og støv. I pillarane føregår det aktiv stjernedanning. [1]

I 2007 blei det offentleggjord at dei tre pillarane ifrå 1995-biletet kanskje er blitt øydelagde av sjokkbølgja frå ein supernovaeksplosjon. Det er blitt estimert at den eventuelle øydelegginga skjedde for 6000 år sidan, men lyset frå ho vil nå jorda først om 1000 år, då tåka ligg 7000 lysår unna. [2]

Kjelder endre

  1. «Pillars of Creation» - Hubbleteleskopet si offisielle heimesida. Vitja 18. juli 2008.
  2. «Famous Space Pillars Feel the Heat of Star's Explosion» Arkivert 2008-07-24 ved Wayback Machine. - offisiell pressemelding frå JPL. Vitja 18. juli 2008.