Ørsta/Volda lufthamn, Hovden

Ørsta/Volda lufthamn, Hovden er ei lufthamn som vert eigd og driven av Avinor AS. Lufthamna ligg midt mellom bygdebyane Ørsta og Volda i Møre og Romsdal fylke. Plasseringa er direkte i tettstaden Hovdebygda i Ørsta kommune. Flyplassen vart opna den 1. juli 1971 i samband med utbygginga av det norske kortbanenettet. Flyplassen hadde opphavleg ei rullebane på 866 x 30 m med asfaltdekke, seinare er ho blitt utvida til 1070 m.

Ørsta/Volda lufthamn, Hovden

IATAHOV Sjå dette på Wikidata
ICAOENOV Sjå dette på Wikidata
OperatørAvinor Sjå dette på Wikidata
TenerØrsta Sjå dette på Wikidata
StadØrsta kommune Sjå dette på Wikidata
Opna1971 Sjå dette på Wikidata
Høgd74 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar62°10′43″N 6°4′33″E, 62°10′48″N 6°4′27″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.avinor.no/flyplass/hovden Sjå dette på Wikidata
Ørsta/Volda lufthamn, Hovden sett frå Saudehornet i august 2010 - sentrale delar av Hovdebygda i framgrunnen
Panoramabilete - april 2015: eit av Widerøe sine rutefly (Dash 8-Q100/Q200) på Ørsta/Volda lufthamn.

Flyselskapet Widerøes Flyveselskap ASA driv ruteflyging til/frå lufthamna. Det går direktefly til Bergen lufthamn, Flesland og Oslo lufthamn, Gardermoen, Sogndal lufthamn, Haukåsen og Sandane lufthamn, Anda.

Flyplassen har hatt stor auke i passasjertalet dei siste åra. Mykje av årsaka til det, er betre kommunikasjonar i regionen (Eiksundsambandet og Kvivsvegen), som har gjort flyplassen lettare tilgjengeleg for fleire. I takt med dette har også rutetilbodet auka. Avstanden frå Ørsta sentrum til flyplassen er 4 km, frå Volda 7 km, Ulsteinvik 30 km, Fosnavåg 45 km og Stryn 64 km.

Volda Ørsta flyklubb har Hovden som base.

Bakgrunnsstoff endre