Ørsta kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Ørsta kommune er ein kommune i Møre og Romsdal fylke. Han ligg på Sunnmøre sør i fylket, og strekkjer seg frå Vartdalsfjorden i nordvest til eit stykke inn i Norangsdalen mot Hellesylt i søraust.

Ørsta kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Ørsta
Areal 661,58 km²
 - land 650,34 km²
 - vatn 11,24 km²
Folketal 10 958  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Per Are Sørheim [1] (H) (2023)
Kommunenr. 1520
Kart
Ørsta kommune
62°12′01″N 6°07′56″E / 62.200277777778°N 6.1322222222222°E / 62.200277777778; 6.1322222222222
Wikimedia Commons: Ørsta
Nettstad: www.orsta.kommune.no

Kommunen grensar til Sykkylven og Stranda i aust, til Volda i sør og sørvest. Nord for Vartdalsfjorden og Storfjorden ligg kommunane Ulstein, Hareid og Sula. I 1964 vart kommunane Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord samanslegne til den nye storkommunen Ørsta.

Bygdebyen Ørsta er administrasjonssenteret i kommunen.

Ørsta har og sitt eige motto: Ørsta - I hjartet i Sunnmørsalpane.

På sommaren vert Nordens brattaste fjelløp, Saudehornet rett opp (1.303 moh), arrangert for folket og det går samstundes eit barneløp til Skåla.

Næringsliv endre

 
Ivar Asen-tunet i Ørsta.

I Ørsta er industri, handel, jordbruk, fiske og havbruk viktige næringsvegar. Viktige bedrifter er Saferoad AS, Vik Ørsta AS , Vartdal Plast, Tine Meieri Vest avd. Ørsta og Fora Form AS. Fiskebåtane er særleg lokalisert til Vartdal. Der har fiske tradisjonelt vore viktig, men i dag er det få havgåande fartøy i kommunen. I Vartdalsfjorden og Storfjorden er det oppdrett av laks. I tillegg har kommunen landbaset settefiskproduksjon.

Jordbruket finn ein mest i dei største dalane: Bondalen, Follestaddalen og Åmdalen. Av kulturelle attraksjonar må særleg nemnast Ivar Aasen-tunet, som vart opna i 2000 og Brudavollen som har vore bebudd sidan 1500-talet.

Samferdsel endre

I Ørsta kommune ligg Ørsta/Volda lufthamn, Hovden like ved grensa til Volda. Herfrå går ruter til Bergen lufthamn, Flesland, Trondheim lufthamn, Værnes og Oslo lufthamn, Gardermoen.

E 39 går gjennom Ørsta. Det er om lag 10 kilometer mellom Ørsta sentrum og sentrum i nabokommunen Volda. Etter opninga av Eiksundsambandet i 2008 er det ferjefritt samband mellom Ørsta og nabokommunane Ulstein og Hareid. Eiksundsambandet har gjort dei seks kommunane Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein, Sande og Hareid til ein felles bu- og arbeidsmarknad. Det er 36 kilometer frå Ørsta sentrum til Festøya, her er det ferjesamband til Solavågen i Sula. Frå Festøya går det og ferje til Hundeidvik i Sykkylven.

Ørsta har fem andre ferjekaier. Fylkesveg 655, som går frå Ørsta sentrum, kryssar Hjørundfjorden ved ferjeleiet på Sæbø på vestsida av fjorden, og Leknes på austsida. Riksveg 655 held fram mot Stranda gjennom Norangsdalen. Denne vegen er ofte stengd om vinteren på grunn av ras og rasfare. Ferja mellom Sæbø og Leknes går og rute til Standal og Trandal. I Hjørundfjorden er det og ferjekai på Skår. Hit kjem ferja på signal.

Utanom ferjerutene vert Hjørundfjorden trafikkert av ein skyssbåt.

TIMEkspressen mellom Volda og Kristiansund går på E39 gjennom Ørsta med om lag 15 avgangar om dagen begge vegar.

Tettstader og bygder i Ørsta endre

Kommunehistorie endre

Ørsta vart eigen kommune den 1. august 1883, etter å ha vore ein del av Volda kommune frå 1837. Ved kommunedelinga hadde den nye Ørsta kommune 2070 innbyggarar.[2] Den 1. november 1893 vart garden Ytrestøyl med 13 innbyggarar ført over til Volda.[2]

I 1917 vart namnet endra frå «Ørsten» til «Ørsta».

1. januar 1964 vart Ørsta slegen saman med Vartdal og Hjørundfjord til det som i dag er Ørsta kommune. Ved kommunesamanslåinga hadde Vartdal 1315 innbyggarar, Hjørundfjord 1728 innbyggarar og gamle Ørsta kommune 6209 innbyggarar. Til saman vart dette 9252 innbyggarar i den nye storkommunen.[2] I 2013 er fordelinga mellom dei tidlegare kommunane 1081 (Vartdal), 927 (Hjørundfjord) og 8448 (tidlegare Ørsta kommune). 1. januar 2020 vart grunnkretsane Bjørke og Viddal overførte til Volda kommune. Dei to grunnkretsane hadde 105 innbyggarar per 1. januar 2019.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for noverande Ørsta kommune frå 1900:

1900[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6][7][8] 1.1.1961[6][7][8] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6] 1.1.2014[6]
5163 6011 6195 7615 8108 9102 9484 10149 10248 10259 10343 10536

Natur endre

 
Sunnmørsalpane på ytre del av Ørstahalvøya.Biletet er teke frå Klovekinn mot søraust.

Størstedelen av Ørsta kommune ligg på ei halvøy som er avgrensa av Hjørundfjorden, Storfjorden, Vartdalsfjorden og Ørstafjorden. Denne halvøya vert stundom kalla Ørstahalvøya. Naturen her er prega av høge, spisse fjell kring tronge dalar. Det gjeld og den delen av kommunen som ligg på austsida av Hjørundfjorden. Mykje av det området som vert kalla Sunnmørsalpane finn vi i Ørsta kommune.

Kjende fjell endre

Andre naturområde endre

Naturulukker endre

Naturen i Ørsta gjer at området har vorte råka av fleire store ulukker, særleg då snøras. 1. januar 1770 vart kyrkjebåtane frå indre del av Hjørundfjorden råka av snøras. 27 menneske miste livet.

I februar 1968 vart garden Rise teken av snøras. Mange hus vart knust og tre menneske miste livet.

I november 1971 miste sju mann livet i Molaupsulykka. Dei vart tekne av snøras i bratt fjellterreng på austsida av Hjørundfjorden.

I februar 1979 vart bustadområdet Engeset ved Ørsta sentrum råka av Engesetfonna. Snøen knuste fleire hus og tre menneske omkom. Dagen før miste ein brøytesjåfør livet. Snømengda i Engesetfonna vart rekna fram til å vere minst 500 000 m³ og er då kanskje det største kjende snøskredet i Noreg.

Kyrkjer endre

 
Vartdal kyrkje

Den norske kyrkja har tre kyrkjer i Ørsta.

I Ørsta sentrum ligg og Ørsta frikyrkje

Kjende ørstingar endre

 
Ivar Aasen

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Ørsta kommune
  2. 2,0 2,1 2,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Folkemengd i Ørsta 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Vartdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. 8,0 8,1 Folkemengd i Hjørundfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre