Østensjøvannet ligg midt i bydelen Østensjø i Oslo. Drabantbyar og bustadstrøk rundt Østensjøvannet er Bogerud, Abildsø, Manglerud, Rognerud, Oppsal, Ulsrud og Bøler.

Østensjøvannet
innsjø
Østensjøvannet sett frå sørenden (Foto: Hans-Petter Fjeld)
Fylke Oslo
Nedslagsfelt 11,55 km²
Høgd over havet 105 moh.
Lengd 1,77 km
Breidd 260 km
Areal 0,29 km²
Middeldjupn 2,0 m
Volum 0,58 millionar km³
Koordinatar 59°53′18.002″N 10°49′36.988″E / 59.88833389°N 10.82694111°E / 59.88833389; 10.82694111
Kart
Østensjøvannet
59°53′18″N 10°49′37″E / 59.888333333333°N 10.826944444444°E / 59.888333333333; 10.826944444444
Wikimedia Commons: Østensjøvannet
Flyfoto av Østensjøvannet (2015); Abildsø i forgrunnen, Bøler og Ulsrud samt Østmarka i bakgrunnen.

Østensjøområdet miljøpark endre

Østensjøvannet og omkringliggande våtmarksområde (532 dekar) utgjer Østensjøområdet miljøpark og vart verna som naturreservat (VV00000972) den 2. oktober 1992.

Området har stort biologisk mangfald og vert rekna som ein av dei rikaste innsjøane i landet på vass- og sumpvassplanter. Det er påvist meir enn 440 planteartar og 210 fugleartar i reservatet, mellom anna fleire trekkfuglar. Det er dessutan registrert 8 artar med flaggermus, 1 835 insektartar, 4 artar med amfibium, 12 snigleartar og 3 igleartar ved vatnet. Mange av artane står på nasjonal raudliste.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre