Østre Porsgrunn kyrkje (1760–2011)

Østre Porsgrunn kyrkje, òg kalla Jesu Kirke i Østre Porsgrunn eller Østsiden kirke, var ei kyrkje i tre frå 1760 i Porsgrunn kommune i Telemark som vart totalskada av brann natta til 11. april 2011. Kyrkja hadde vorte restaurert i 1997, 1960–1966 og i 1888.

Østre Porsgrunn kyrkje

Kyrkja var ei krosskyrkje (det vil seie med ein grunnplan forma som ein kross), teikna av arkitektane Lauritz de Thurah og Andreas Pfützner og bygd i lafta tømmer. Stilen var rokokko/seinbarokk. Kyrkja hadde vindauge i to høgder. Tårnet hadde ein tårnhjelm med særeigen form, og var utstyrt med eit fem meter høgt spir med eit smijarnsornament i toppen.

Koret i kyrkja var like breitt som hovudskipet. Preikestolen i rokokko-stil, med ein rik treskurd dekt med bladgull, og med rocailleinnrammingar kring spegelfelta, var plassert i eit hjørne som vart danna av to av kyrkjeskipsarmane. Himlinga i kyrkja hadde tønneform og vart pynta med målingar av skyer og englar. I vest var det ein orgelfasade laga av Daniel Wroblewsky på slutten av 1700-talet, men sjølve orgelet var skifta ut ikring 1850. I dei tre armane av kyrkjeskipet var det samanhengande galleri, og med sine 600 plassar var dette ei av dei største trekyrkjene i Noreg.

Då det ikkje er mange kyrkjer att her i landet frå denne perioden, var det eit stort nasjonalt tap at denne kyrkja brann ned til grunnen. Ny kyrkje vart innvigd 15. september 2019.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Østre Porsgrunn kyrkje (1760–2011)