Øvre Schlesien (tsjekkisk Horní Slezsko; tysk Oberschlesien; tysk schlesisk Oberschläsing, latinsk Silesia Superior; polsk Górny Śląsk; polsk schlesisk Gōrny Ślōnsk) er den søraustlege delen av den historiske og geografiske regionen Schlesien. Nedre Schlesien ligg i nordvest. Gjennom historia har Øvre Schlesien vore underlagt Polen, og vore ein del av Det tysk-romerske riket gjennom Böhmen, Austerrike, Preussen og seinare ein del av Det tyske keisardømet. I dag er regionen delt mellom Polen (Opole og Schlesiske voivodskap) og Tsjekkia (Tsjekkiske Schlesien eller regionen Mähren-Schlesien).

Kart over Øvre Schlesien 1746

Øvre Schlesien ligg i Det schlesiske høglandet mellom øvre Oder og øvre Wisła. I Øvre Schlesien industriområde bur det om lag 3,5 millionar innbyggjarar.

Opole Schlesien, Cieszyn Schlesien og Austerriksk Schlesien er historiske delar av Øvre Schlesien. Opole Schlesien dannar i dag det meste av Opole-voivodskapet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre