Nyord er ei lita øy nord for Møn med eit areal på 4,99 km². Sidan 1968 har øya vore landfast med Møn via ei demning og ei låg bru. Nyord Enge aust på øya er kjend som eit av dei beste fugleområda i Danmark.

Nyord
Geografi
Stad Austersjøen mellom Møn og Sjælland
Koordinatar 55°3′N 12°13′E

Areal 4,99 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Vordingborg kommune

Demografi
Folketal 50 (2005)
Folketettleik 10 /km²

I 1900 var innbyggjartalet i den litle landsbyen vest på øya om lag 360, men i dag er det berre 50 igjen (2005).

Då øya i 1845 vart eit sjølvstendig sokn vart det òg bygd ei kyrkje, ein særprega åttekanta bygning av arkitekt Otto M. Glahn med Frederiksberg kyrkje som førebilete. Kyrkja fekk i 1983 eit Demant-orgel frå 1870. Orgelet kom frå Pårup kyrkje ved OdenseFyn.

Under svenskekrigane var øya mellom anna tilfluktsstad for Svend Gjønge og folka hans før dei vart sende bort av lensmann Christoffer Lindenow, som frykta svenskane si overmakt.

Kjelder endre