Samar er den austlegaste øya i øygruppa Visayas i Filippinane.

Samar
øy
Land  Filippinane
Del av Visayaøyane
Areal 13 428,8 km²
Folketal 1 751 267 (2010)[1]
Kart
Samar
12°03′00″N 125°07′00″E / 12.05°N 125.11666666667°E / 12.05; 125.11666666667
Wikimedia Commons: Samar Island
Plasseringa til Samar (blodraud) i øyriket Filippinane

Samar har eit flatemål på 13 080 km² og eit folketal på knapt 1,1 million. Den mest folkerike byen, Catbalogan, med i underkant av 100 000 ibuarar, ligg på vestsida av øya. Landskapet er kupert, med ein opptil 800 meter havet høg fjellrygg som går langs midten av øya i retning nord-sør. Gruvedrift etter kopar og jarnmalm er saman med fiskeri og skogbruk hovudnæringar på øya.

Sørvestdelen av øya ligg aust for øya Leyte, mellom dei to øyane går det inntil to kilometer trange San Juanico-sundet. Sambandet mellom dei to øyane går over den 2 160 meter lange San Juanico-brua. Sør for Samar breier Leytebukta seg. San Bernardino-sundet skil nordvestspissen av Samar frå Bicol-halvøya på øya Luzon. Austkysten av Samar vender mot Stillehavet.

Den spanske sjøfararen Ruy Lopez de Villalobos og mannskapet hans var dei fyrste europearane på Samar.

Dagane 7. og 8 november 2013 herja tyfonen Haiyan Samar. Særleg sørdelen vart sterkt råka.

Kjelder endre