Øyeren er ein innsjø i Glomma-vassdraget. Han ligg i kommunane Enebakk, Lillestrøm og Rælingen i Østfold fylke og Indre Østfold i Østfold fylke. Den nordlegaste, åtskilte delen av innsjøen vest for tettstaden Fetsund og Glomma sitt utløp, utgjer ein 7 km² stor del på av Øyeren og blir til tider rekna som ein eigen innsjø, kalla Svellet.

Øyeren
innsjø
Kart over Øyeren
Land  Noreg
Fylke Akershus, Østfold
Kommunar Enebakk, Lillestrøm, Rælingen, Indre Østfold
Nedslagsfelt 40 442 km²
Høgd over havet 99-101 moh.
Areal 84,74 km²
Middeldjupn 14 m
Største djupn 76 m
Volum 1,19 km³
Kystlengd1 165,47 km
Koordinatar 59°51′26″N 11°09′48″E / 59.85722°N 11.16333°E / 59.85722; 11.16333
Kart
Øyeren
59°51′26″N 11°09′48″E / 59.857222222222°N 11.163333333333°E / 59.857222222222; 11.163333333333
Wikimedia Commons: Øyeren
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Øyeren er den niande største innsjøen i Noreg med eit areal på omlag 85 kvadratkilometer. Utan Svellet er, Øyerens areal 77 km². Han ligg 101 meter over havet og er 75,5 meter djup. Saman med elvane Leira og Nitelva dannar Glomma det største innlandsdeltaet i Norden i den nordlege enden av innsjøen. Delar av dette våtmarksområdet vart erklært naturreservat i høvesvis 1975 (Nordre Øyeren inklusive Svellet og elvedeltaene)) og 1992 (Sørumsneset). Innsjøen ligg nedstrøms for store vassdrag, og har dermed Noregs største nedslagsfelt.

Fiskeartar i Øyeren endre

Det finst truleg 25 fiskeartar i Øyeren[1], som dermed vert rekna som den innsjøen i Noreg med flest fiskeartar. Før oppdemminga av Glommavassdraget vart det òg laks der.[2][3]

Av desse er førekomsten av ål og lagesild omtalt som tvilsam. Dei to stingsildartane er oppførte som konkurransesvake.[4]

Merk at ørekyt står oppført på norsk svarteliste som ein uønskt art i dei vassdraga der han ikkje naturleg høyrer heime, men i Øyeren opptrer han naturleg.

Merk òg at asp er i 2006 oppført som sårbar på Bernkonvensjonens (1982) liste III.[5]

Regulering endre

Mørkfoss Dam vart bygd i 1862. Vasstanden i magasinet vart då lagt 1 meter høgare enn det som tidlegare hadde vore naturleg. Differansen mellom høgste og lågaste vasstand vart òg monaleg redusert.[6]

Den noverande reguleringskonsesjonen vart gitt i 1934. Lågaste tappegrense (LRV) er fastsett til kotehøgd 98,94 moh. Høgste oppdemmingshøgd (HRV) er fastsett til 101,34 m.

Vasstandsmålingsr blir jamleg publisert av Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB).[7]

Ferdsle endre

Då det var tømmerfløyting i vassdraget måtte tømmeret anten takast inn ved Fetsund eller fraktast til sørenden for å sleppast vidare. Fraktinga blei avslutta i 1985.

Dampbåten «Strømmen» vart sett i rutetrafikk i 1885 mellom Lillestrøm, Årnestangen, Flateby og Sandstangen. Trafikken vart innstilt i1927.[8]

MS «Øyeren» fraktar turistar på charterbasis og med faste avgangar i sommarsesongen.[9]

Demningane Bingsfossen og Rånåsfoss i Glomma er einaste hindringa for småbåt-trafikk mellom Trøgstad og Fåberg ved Lillehammer. Ved moglegheit for òg å passere demninga ved Funnefoss kan småbåtar uhindra dra til Storsjøen i Odalen og til Kongsvinger kraftverk.

Vassdrag som drenerer til Øyeren endre

Kjelder endre