Øystein av ynglingeætta

Øystein av Ynglingeætta var konge over Romerike og Vestfold700-talet. Han var son av Halvdan Kvitbein, og gift med Hild, dotter hans Eirik Agnarsson i Vestfold. Han arva Vestfold av verfaren. Øystein er i røynda den andre kongen med dette namnet i ættelina. Den første er Øystein Adilsson.

Øystein av ynglingeætta
Fødd7. hundreåret
Noreg
Død750
Værne Kloster
Hus eller slektYnglingeætta
MorAsa von Hedemarken
FarHalvdan Kvitbein, Halfdan von Westfold
EktefelleHild Eriksdotter
BarnHalvdan den milde, Geva, Harald, 2nd King of Haithabu, Sigurd, 1st King of Haithabu

Øystein fall i kamp med ein kong Skjold frå Varna, i dag Rygge. Snorre fortel at Skjold var trollkunnig. Øystein herja i Austfold, og kong Skjold hemna seg med å gjere hardt ver på Folden. Stormen bles Øystein over bord, og han drukna. Han er gravlagd i Borre.

Den eldste Noregshistoria frå 1170 fortel at Øystein hadde tilnamnet fjert. Her vert det òg fortalt at han vart slegen over bord, men dette hende i eit trongt sund, og Øystein vart slegen av spristaken på eit anna skip, og kom bort i bølgjene.

Ynglingatal fortel:

Men for seglbommen
stupte Øystein
og til brordotter hans Byleist fór.
På kanten av Rae
kviler han
den storgjæve kongen
under steinen gøymd.
Uvêrs-kald,
der kongen ligg,
Vadle-straumen
ut i viki renn.

Øystein var far til Halvdan den milde.

Halvdan Koht skriv:

Eystein Fjert: Tilnamnet finst elles berre hjå Are Frode. Tjodolv fortel at han vart gravlagd på rad-enden eller radkanten, attmed osen av Vadla-straumen; det har Alexander Bugge tenkt kunde vera meint um Vedelen, landtunga mellom Jeløya og Moss, der som Mosse-radet endar; men her finst ingen gravhaug, og det er vel rimelegast å tenkje på radet i Vestfold. Merkeleg er det elles at Tjodolv kallar Eystein «den gautske kongen». Norrøne Bokverk, fjerde band, note.