Øystese stavkyrkje

stavkyrkje (riven) i Kvam kommune

Øystese stavkyrkje var ei stavkyrkje i Øystese i Kvam i Hardanger, som vart riven i 1868. Ho var den siste stavkyrkja som stod att i Hardanger. Det er ikkje bevart nokon kjende bygningsrestar frå kyrkja.

Øystese stavkyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til gamle Øystese stavkyrkje
Modell av Øystese stavkyrkje

Historie endre

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Første gongen ei kyrkje i Øystese er nemnt i kjeldene, er i eit brev frå rundt 1300, då ein "sira Fjallar" var prest der.[1] I 1722 var kyrkja, ifølgje ein rapport, framleis ein fullstendig stavbygning, med svaler omkring og ein stopul framfor.[2] Då kyrkja vart vølt i 1845, hadde ho berre ein lukka svalgang på sørsida av skipet, og det fanst restar av sponkledning. Stopulen stod som eit lågt tårn ved vestsida av skipet. Svalgangen og bordkledningen vart då fjerna, og det vart lagt inn eit nytt loft. I 1868 vart kyrkja riven. Under golvet ved døypefonten låg ein bjørnefell. Det vart òg funne ein mynt frå kong Magnus Eriksson si regjeringstid (1319-1355) og fem brakteatar.[2]

Utsjånad endre

Ifølgje ein rapport frå 1665 hadde kyrkja då svalgang og spontak.[2] I 1722 var kyrkja måla innvendig og bordkledd. Breidda på skipet tyder på at kyrkja var treskipa med heva midtrom. Den vestre døra hadde framleis rikt jernbeslag i 1864, og i 1848 hadde kyrkja ein gammal benk med utskjeringar. Storleiken på skipet i 1722 var 42 fot gonger 32 fot (om lag 13 m x 10 m) og koret 20 gonger 18 fot (6 m x 5,5 m).[2]

Fotnotar endre

  1. "Sira Fiallara a Œystusyn". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum II, 60
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477-478

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre