Ýdra (gresk Ύδρα), eller Hydra, er ei av Dei saroniske øyane i Hellas. Ho ligg i Egearhavet mellom Saroniabukta og Argolikósbukta. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí. Kommunen inkluderer òg den sparsamt busette øya Dokós.[2] Mellom Peloponnes og øya ligg den smale Ydrabukta. I antikken vart øya kalla Hydrea (Υδρέα), som viser til kjeldene på øya.

Ýdra
Lokalt namn Ύδρα
Hamna på Ýdra
Hamna på Ýdra
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°21′N 23°28′E / 37.350°N 23.467°E / 37.350; 23.467
Øygruppe Dei saroniske øyane

Areal 64,44 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnad Ýdra (1 900 innb.)

Demografi
Folketal 1 966 (2011[1])
Folketettleik 30,5 /km²

Øya er avhengig av turisme, og mange athenarar kjem hit. Ferjer går regelmessig frå Pireus (hamnebyen nær Athen) og frå Návplio, som ligg på kysten av Peloponnes. Bortsett frå søppelbilar er ikkje motoriserte køyretøy tillatne på øya. Det meste av den offentlege transporten er dermed esel og båttaxi. Det busette området er så kompakt at folk flest uansett går der dei skal.

Øya har ein hovudby, berre kalla «Ýdra hamn». Han består av ei halvmåneforma hamn, der handelssenteret ligg rundt med restaurantar, butikkar, marked og galleri. Bratte steingater fører opp frå hamneområdet. Dei fleste fastbuande bur i desse gatene.

Sjølv om øya har fått namn frå eldgamle kjelder, er desse i dag tørre. Ýdra hadde tidlegare brønnar, men desse vart lukka av seismisk aktivitet på midten av 1900-talet. I dag vert vatn transportert frå fastlandet med båt. Dei dominerande geografiske trekka på Ýdra er dei berglendte åssidene, som er tomme bortsett frå eit og anna gardshus og eit par svært isolerte ortodokse kloster.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Ýdra 1 900
Vlykhós 19
Dokós (øy) 18
Mandráki 11

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Moní Jennísis Theotókou Zoúbras (7)
  • Moní Ajíou Nikoláou (4)
  • Moní Ájías Triádos (2)
  • Moní Jennísis Theotókou Zoúbras (2)
  • Zójeri (2)
  • Moní Ájías Evpraxías (1)
  • Ájos Konstandínos (0)
  • Episkopí (0)
  • Zongéika (0)
  • Klimáki (0)
  • Mólos (0)
  • Palamídas (0)




Småøyar i kommunen:

  • Dokós (18)
  • Ájos Ioánnis (0)
  • Ájos Nikólaos (0)
  • Véniza (0)
  • Kivotós (0)
  • Limióniza (0)
  • Pétasi (0)
  • Platonísi (0)
  • Stavronísi (0)
  • Tríkeri (0)

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ýdra