Đurđevića Tara-brua

Đurđevića Tara-brua er ei bogebru over elva Tara nord i Montenegro. Ho ligg ved vegkrysset mellom Mojkovac, Žabljak og Pljevlja, og mellom landsbyane Budečevica og Trešnjica.

Đurđevića Tara-brua

TypeVegbru
StadNær Žabljak i Montenegro
Opna1940
StrekningR-4
Lengd365 meter
Høgd150 meter
Fri høgd170 m
Største spenn116 m
KryssarTara
Materialebetong
UtformingBogebru
TransportererBilar, fotgjengarar
Kart
Đurđevića Tara-brua
43°09′02″N 19°17′43″E / 43.150419444444°N 19.295238888889°E / 43.150419444444; 19.295238888889

Brua vart bygd mellom 1937 og 1940, teikna av Mijat Trojanović. Då ho var ferdig var ho den største bogebrua i betong for bilar i Europa.

Brua er 365 meter lang og har fem bogar, den største bogen har eit spenn på 116 m. Distansen frå vegen og ned til elva er 172 meter.

I 1942, kort tid etter brua stod ferdig, kom italienske styrkar og ei gruppe tsjetnikarar (serbiske rojalistrørsle som samarbeidde med nazistane under den andre verdskrigen) til området. For å hindre framgangen deira måtte partisanarane som hadde bygd brua sprenge ho. Ein av bruingeniørane, Lazar Jaukovic, sprenge den sentrale bogen i lufta og blokkerte vidare framrykking for italienarane og tsjetnikarane. Dette var ei heroisk handling som kosta Jaukovic livet. Han vart fanga av italienarane og avretta på brua han hadde bygd.

I 1946 vart brua reparert og er sjølv i dag det viktigaste kryssingspunktet over Tarakløfta.

Kjelder endre