Łódź (['wuʨ]) er den tredje største byen i Polen og hovudstaden i Łódź-voivodskapet i sentrum av landet. Byen er hovudsenteret for tekstil- og filmindustrien og elektronikk- og underhaldningsbransjen i Polen. Med sine universitet, teater, museum og den verdskjende filmhøgskolen er Łódź òg eit viktig akademisk og kulturelt senter.

Łódź
Piotrkowskagata
Piotrkowskagata
Piotrkowskagata
Flagget til Łódź Byvåpenet til Łódź
Flagget til Łódź Byvåpenet til Łódź
Motto
«Ex navicula navis»
(Frå ein båt, eit skip)
Plassering
Łódź is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Łódź-voivodskapet
Byrettar 1423
Borgarmeister Jerzy Kropiwnicki
Geografi
Flatevidd
 - By

293,25 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

764 168
  2605,9/km²
Koordinatar 51°47′N 19°28′E / 51.783°N 19.467°E / 51.783; 19.467
Høgd over havet 162-278 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 90-001 til 94-413
Telefon-retningsnummer +48 42
Bilnummer EL
Nettstad: www.uml.lodz.pl

Byen er prega av ein stor utviklingsdynamikk og er for tida inne i ei sterk investeringsbølgje. Han har status som distriktsnivåby, og utgjer saman med omkringliggjande område Storbyområdet Łódź med om lag 1 150 000 innbyggjarar.

Łódź fekk byrettar av kong Vladislav II Jagello i 1423. Stordomstida kom derimot først på byrjinga av 1800-talet. Den vesle jordbruksbyen, som i 1820 hadde knapt tusen innbyggjarar, vart då omdanna til eit av dei største sentera for tekstilindustri i Europa med over ein halv million innbyggjarar like før første verdskrigen braut ut. Dei to verdskrigane stansa den eventyrlege utviklinga. Łódź sin fleirkulturelle karakter gjekk tapt, der polakkar, jødar, tyskarar og russarar skapte ein fleirkulturell smeltedigel i byen som vart kjent som «Det forjetta landet». Etter den andre verdskrigen vart Łódź den uoffisielle hovudstaden i landet fram til gjenoppbygginga av Warszawa. Den økonomiske overgangsperioden på 1990-talet tok knekken på tekstilindustrien i byen, men etter å ha satsa på nye teknologibransjar har næringslivet i Łódź fått eit nytt fundament. Det historiske 1800-talssentrumet i byen vert restaurert, og gamle fabrikkompleks vert revitaliserte.

Historie endre

Landbruksbusetnaden endre

 
Utsikt over Łódź (1812).

Łódź vart nemnd første gong i 1332 som landsbyen Łodzia i eit dokument der hertug Władysław Ziemiowic av Łęczyca og Dobrzyń stadfestar at landsbyen høyrer til kapittelet i Włocławek. Det første forsøket på å gje landsbyen byrettar fann stad i 1414 etter initiativ av Włocławek-biskopen, utan å gje noko resultat. Det var først eit dokument underskrive av kong Vladislav II Jagello i 1423 som gav landsbyen byrettar etter magdeburgsk rett. Innbyggjarane vart samstundes friteke frå all jurisdiksjon frå voivodar, slottsforvaltarar og andre statsstyresmakter. Dei hadde retten til å opprette lokale styresmakter og til å organisere to marknader i året. Fram til slutten av 1600-talet utvikla Łódź seg derimot sakte og var ikkje meir enn ein mindre landbruksby[1].

Under den svenske invasjonen av Polen (1655-1660) vart byen avfolka. Han vart seinare fram til slutten av 1700-talet ein mindre busetnad på handelsvegen mellom Masovia og Schlesien, underlagt biskopane i Włocławek-bispedømmet. I 1777 hadde byen 265 innbyggjarar og bestod av 66 bygningar.

Med Den andre delinga av Polen i 1793 – då landet ikkje opphøyrde som sjølvstendig stat – kom byen under prøyssisk administrasjon under det germaniserte namnet Lodsch. Han hadde då knapt 191 innbyggjarar, og dei prøyssiske embetsmennene tenkte til og med på å ta frå Łódź byrettane. Med den tredje delinga av Polen i 1798 tok dei prøyssiske styresmaktene over kyrkjegodset og nasjonaliserte byen. Med tida voks rolla til Łódź, og etter Napoleon sin siger mot Preussen vart byen innlemma i hertugdømmet Warszawa i 1806. Det var derimot ikkje før etter at byen fall til det russisk-kontrollerte Kongress-Polen i 1815 at utviklinga verkeleg skaut fart.

Industrialiseringena endre

Heilt avgjerande for den seinare bløminga til Łódź’ var den polske regjeringa sine planar om å opprette fabrikkbyar, som skulle utgjere grunnlaget for ein nasjonal industri[1]. Etter initiativ av Stanisław Staszic og seinare Rajmund Rembieliński, som begge såg det økonomiske potensialet i Łódź-området, oppstod ein slik tekstilindustribusetnad i Łódź. Han vart lagt sør for det som då var sentrum i byen (Stare Miasto – «Gamlebyen») i åra 1821-1823 som Nowe Miasto («Den nye byen»). Opprettinga av det nye busetnadsområdet førte ikkje berre til ein radikal demografisk vekst, men òg til forflyttinga av sentrum i byen: Det trapesforma gamlebytorget (Stary Rynek), som var midtpunktet i jordbruksbyen Łódź, vart forlate til fordel for den nye, åttekanta Fridomsplassen i Nowe Miasto. I åra 1824-1828 vart den nye industribusetnaden Łódka grunnlagd, denne gongen sør langs Nowe Miasto sin hovudakse Piotrkowska-gata.

Ein konstant tilstrøyming av arbeidarar, forretningsmenn og handverkarar frå heile kontinentet gjorde Łódź til det største sentret for tekstilindustri i Kongress-Polen og det russiske riket[1]. Nybyggjarane kom hovudsakleg frå dei sørlege delane av Tyskland og Böhmen, men òg frå land som Portugal, England, Frankrike og Irland. Det var likevel i første rekkje polakkar, jødar og tyskarar som medverka til utviklinga av byen. Nykomlingane vart garanterte hjelp frå styresmaktene, særleg med tanke på tomter, lån og fabrikkbygging.

 
Fridomsplassen i Łódź (1899).
Foto: Bronisław Wilkoszewski

Den første bomullsfabrikken opna i 1825, og 14 år seinare opna portane opp for både Polen og Russland sin første dampdrivne fabrikk i byen (Den kvite fabrikken)[1]. Łódź stod for produksjonen av ull-, lin- og bomullstekstilar, som vart eksportert i første rekkje til Russland, Kina og Persia. Byen baud på gode tilhøve og vart raskt kjend som «Det forjetta landet». Med tida utvikla han seg til å bli eit av dei leiande sentera i verda for tekstilproduksjon.[2]

 
Piotrkowska-gata (1896).
Foto: Bronisław Wilkoszewski

Mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet opplevde Łódź ein rekordhøg demografisk vekst. I løpet av et titals år vart den vesle landsbyen (med 4 000 innbyggjarar i 1830 og 40 000 i 1865) ein industriell metropol med 300 000 innbyggjarar i 1900 og 500 000 innbyggjarar i 1914.

Byen gjekk inn i ein viss stagnasjonsperiode etter den antirussiske Novemberoppstanden, som førte med seg tollbarrierar og reduserte handelsmoglegheitene frå Russland si side. I 1850 vart derimot den pålagde tollen mellom Russland og Kongress-Polen avskaffa. Łódź kunne no selje varene sine på den russiske marknaden og dette medverka på ny til den økonomiske utviklinga i byen. I 1865 fekk byen dessutan jernbanesamband til Wien og Warszawa, og nokre år seinare òg til Białystok. Dette vart ein viktig føresetnad for at innbyggjartalet i byen vart dobla kvart tiande år i perioden 1823-1873[3].

I andre halvdel av 1800-talet voks industriimperia til dei store fabrikantane – i første rekkje Ludwik Geyer, Izrael Poznański, Karol Scheibler og Ludwik Grohman – som alle sette tydelege spor etter seg i bybiletet. Dei var eigarar av vakre villaer, palass og enorme fabrikkområde. Dei sistnemnde fungerte nærast som sjølvstendige byar – ved sida av fabrikkbygningane vart det eigne skular, butikkar brannvesen, sjukehus og bustadområde for arbeidarane. Rundt dei gigantiske tekstilfabrikkane oppstod bankar samt kultur- og vitskapsinstitusjonar. Åra 1870-1890 markerte den mest intense industrielle utviklinga i historia til byen[4], men samstundes voks òg gapet mellom fabrikantane sine formuar og arbeidarane sin fattigdom. Łódź vart snart eit av hovudsentera for den sosialistiske rørsla i Kongress-Polen. I 1892 vart dei fleste fabrikkane i byen lamma av ein stor streik med over 70 000 deltakande arbeidarar. Arbeidarklassen deltok òg i den antirussiske 1905-revolusjonen, der over 300 arbeidarar vart drepne i kampar med tsarpolitiet.

Mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var Łódź det største industrisentret i Kongress-Polen, og opplevde kraftig demografisk så vel som arealmessig vekst. Nye bydelar vart grunnlagde, og fleire av dei omkringliggjande landsbyane vart innlemma i Łódź.

Første verdskrigen og mellomkrigstida endre

 
St. Stanisław Kostkas katedral i mellomkrigstida.

Fram til første verdskrigen voks folkesetnaden i byen konstant. I 1914 var Łódź ein av dei mest folkesette industribyane i verda (13 280 innbyggjarar per kvadratkilometer)[4]. Eit av dei største slaga i krigen på Austfronten vart utkjempa nær byen i 1914, og under første verdskrigen vart byen okkupert av Tyskland. Krigen stansa den industrielle og demografiske utviklinga i Łódź, og dei fleste fabrikkane vart øydelagde av tyskarane.

Etter krigen – då Polen i 1918 hadde vunne tilbake sjølvstendet sitt – sette innbyggjarane sjølve fri byen ved at dei avvæpna og deporterte dei tyske soldatane. Under og etter første verdskrigen mista Łódź 40 % av folkesetnaden sin[4], først og fremst på grunn av verneplikt, sjukdomar og det faktum at ein stor del av den tyske folkesetnaden flytta til Tyskland etter krigen slutta i 1918.

Etter krigen vart det gjort forsøk på å gjenopprette den tidlegare økonomiske posisjon i byen, men den store industrielle vekstperioden var likevel over. Det vart samstundes lagt arbeid i utviklinga av kultur og vitskap i Łódź.

I 1922 vart byen hovudstad i Łódź-voivodskapet. Den store depresjonen1930-talet og handelsembargoen mellom Tyskland og Polen stengde marknader for polske tekstilar i vest, medan Den russiske revolusjonen (1917) og borgarkrigen i Russland (1918-1922) vart ein stoppar for handelen i aust. Byen vart derfor skodeplass for store protestmøte og arbeidaropprør.

I 1925 opna flyplassen Lublinek nær Łódź.

I mellomkrigsåra var Łódź framleis møteplass for forskjellige nasjonar og kulturar – i 1931 bestod folkesetnaden i byen av 52 % polakkar, 33 % jødar og 14 % tyskarar.

Den andre verdskrigen endre

 
«Etter Adolf Hitler si befaling heiter denne byen Litzmannstadt»

Under Tyskland sin invasjon av Polen vart Łódź forsvart mot dei første tyske åtaka av general Juliusz Rómmel. Byen vart derimot erobra av tyske troppar den 8. september 1939. Under okkupasjonen vart innbyggjarane i byen utsett for masseutryddingar, fordriving eller deportering til konsentrasjonsleirar, og dei tyske nazistane oppretta mange fengsel og leirar i byen. Under krigen var Łódź eit av de største sentera for polsk motstandskamp i Det tredje riket.

Łódź skulle i følgje dei tyske planane eigentleg verte ein polsk enklave som del av Generalguvernementet, men den nazistiske leiinga innlemma likevel Łódź i Det tyske riket. Denne innlemminga vart gjort etter ønsket til Arthur Greiser – den lokale guvernøren for Reichsgau Wartheland – og fleire av dei etniske tyskarane som budde i byen. Namnet på byen vart samstundes endra til Litzmannstadt etter den tyske generalen Karl Litzmann, som hadde erobra byen under første verdskrig. Derimot nektet mange tyskarar frå Łódź å skrive seg under på Volksliste og bli Volksdeutsche, og vart istaden deporterte til Generalguvernementet.

I byrjinga av okkupasjonen vart alle polske religiøse og patriotiske symbol fjerna frå byen, og alle polske gate- og stadnamn endra. Mellom anna vart Tadeusz Kościuszko-monumentet rive ned på Polen sin nasjonaldag den 11. oktober 1939, og den representative Piotrkowska-gata fekk namnet «Adolf Hitler Straße». Samtidig vart fleire representantar for intelligentsiaen og presteskapet samt politiske forkjemparar arresterte.

 
Den store synagogen i Łódź, brend ned av tyske nazistar i 1939.

Dei verste tiltaka vart retta mot jødane. Nesten alle synagogane i byen vart brende ned, og nazistane oppretta raskt ein ghetto i byen og fylte han med 200 000 jødar som budde i Łódź-området (Ghetto Litzmannstadt). Berre 900 personar overlevde likvideringa av gettoen i august 1944.

I nærleiken av Łódź vart det òg bygd fleire arbeids- og konsentrasjonsleirar for ikkje-jødiske innbyggjarar i området, mellom dei det frykta Radogoszcz-fengselet og fleire mindre leirar for romanifolket og polske barn.

Ved slutten av den andre verdskrigen hadde Łódź mista 420 000 (67 %) av innbyggjarane sine frå før krigen - 300 000 jødar og 120 000 polakkar[5]. I januar 1945 flykta den tyske folkesetnaden av frykt for den raude arméen.

Łódź leid òg store tap som følgje av at fabrikkmaskinar i byen vart plyndra og sende til Tyskland. Trass i relativt små tap grunna bombing og krigføring, var mesteparten av infrastrukturen i Łódź slik likevel borte[5].

Den raude arméen marsjerte inn i byen 18. januar 1945, og med tida vart Łódź del av Folkerepublikken Polen.

Etter den andre verdskrigen endre

Etter den andre verdskrigen endra den demografiske strukturen i byen seg radikalt. For første gong i den fleirkulturelle historia fekk Łódź ei tilnærma etnisk einsarta folkesamansetjing som bestod av nesten berre polakkar. I 1945 hadde Łódź færre enn 300 000 innbyggjarar, men dette talet byrja snart å vekse med flyktningar frå den øydelagde hovudstaden Warszawa og dei polske landområda i aust annekterte av Sovjetunionen. Den polske regjeringa flytte òg til Łódź, som fram til 1948 fungerte som Polen sin uoffisielle hovudstad. Det var planar om å flytte hovudstaden til Łódź permanent, men denne ideen vann ikkje stor støtte, sidan gjenoppbygginga av Warszawa starta i 1948.

Etter at kommunistane fekk makta i Polen tapte mange industrifamiliar eigedomane sine då alle private bedrifter vart nasjonaliserte.

På grunn av samarbeidet med andre land i austblokka kunne Łódź eksportere varer til Aust-Europa. Byen vart igjen eit viktig senter for tekstilindustrien, som derimot ikkje overlevde den økonomiske overgangsperioden på 1990-talet i Polen etter kommunismen sitt fall. Den industrielle krisa i Łódź førte til høg arbeidsløyse, men tvinga samstundes byen til å utvikle nye industrigreiner. Det vart særleg satsa på avansert teknologi, med gunstige resultat. Samstundes vart det lagt mykje arbeid i utviklinga av utdanninga, og i dag framstår Łódź som eit av dei største akademiske sentera i Polen. Det er òg vorte lagt stor vekt på restaureringa av det historiske sentrum et og revitaliseringa av gamle fabrikkompleks i byen, noko Piotrkowska-gata samt handels- og rekreasjonssenteret Manufaktura er gode døme på.

Etymologi endre

Opphavet til namnet på byen er ikkje kjent. Enkelte hypotesar baserer namnet på byen frå etternamnet Łodzic, medan andre knyter namnet til det gammalpolske ordet łoza (piletre), til elva Łódka eller fornamnet Włodzisław. Łódź tyder elles båtpolsk, noko som òg kjem fram på våpenskjoldet til byen.

Det polske adjektivet for byen er łódzki (eintal hankjønn), medan innbyggjarane i byen i fleirtal vert kalla łodzianie, i eintal łodzianin (hankjønn) og łodzianka (hokjønn).

Geografi endre

 
Ein dam i elva Łódka
Den geografiske plasseringa til Łódź
Grensene til byen
lengst nord 51°51'40"
lengst sør 51°41'11"
lengst vest 19°20'41"
lengst aust 19°38'30"
Utstrekkinga til byen
Breiddegrad
(på breddegraden 51°)
17'49"
Meridian
(på meridianen 19°)
10'29"

Łódź ligg i det sentrale Polen 393 km frå grenseovergangen med Tyskland i Świecko, 227 km frå grenseovergangen med Tsjekkia i Cieszyn, 336 km frå grenseovergangen med Kviterussland i Terespol og 332 km frå Austersjøen (Gdańsk). Byen ligg 133 km vest for Warszawa.

Med omsyn til areal er Łódź med 293,25 km² den fjerde største byen i Polen. Det lågaste punktet i byen ligg 161,8 meter over havet (i Ner-dalen) – det høgaste 278,5 meter over havet (ved Marmurowa- og Nad Niemnem-gata ved den nordlege grensa til byen). Området innanfor dei administrative grensene skrånar nedover i retning nordaust til sørvest, i samsvar med hellinga til den vestlege skråninga av Łódź-høglandet.

Gjennom Łódź renn 18 mindre elvar og vasslaup: Ner, Łódka (tidlegare kalla Ostroga, med sideelva Bałutka), Dobrzynka, Gadka, Jasień (med sideelva Karolewka), Olechówka (med sideelva Augustówka), Jasieniec, Bzury, Łagiewniczanka, Sokołówka (med sideeleva Brzoza), Aniołówka, Wrząca, Zimna Woda og Miazga. Det er derimot snakk om små vassløp, som i sentrum av byen for det meste renn skjult i underjordiske kanalar. Til saman er 1,29 km² av byarealet dekt av vatn.

I Łódź går jernbanelinjene mellom Warszawa og Koluszki, Toruń og Kutno, Poznań og Ostrów Wielkopolski, samt landevegane frå Gdańsk og Toruń, frå Konin, Wrocław, Piotrków Trybunalski og Częstochowa samt frå Warszawa. I næraste framtid vil dei to transeuropeiske motorvegane A1 og A2 krysse kvarandre om lag 10 kilometer frå byen.

I 2003 vart det geografiske midtpunktet til Łódź lokalisert. Det ligg 100 meter i sørleg retning frå krysset mellom Julian Tuwims gate og Przędzalniana-gata i bydelen Widzew.

Łódź grensar mot byane Aleksandrów Łódzki, Konstantynów Łódzki, Zgierz, Pabianice og gminaene Aleksandrów Łódzki, Andrespol, Brójce, Nowosolna, Pabianice, Rzgów, Stryków og Zgierz.

Klima endre

Byen ligg i et temperert område, i overgangssona mellom det maritime og kontinentale klima. Dei kaldaste månadane er januar og februar med middeltemperaturar mellom -3 °C og -12 °C. Den varmaste månaden er juli med middeltemperaturar mellom 17,7 °C og 21 °C. Den årlege middeltemperaturen ligg på 8,4 °C, medan den årlege normalnedbøren ligg mellom 550 og 600 millimeter.

Administrativ inndeling endre

 
Inndeling i bydelar og det høgaste og laveste punkt i Łódź.

Administrativt sett er Łódź ein eigen bykommune med status som distriktsnivåby. For den administrative servicen overfor innbyggjarane finst ei inndeling i fem regionar eller ikkje-administrative bydelar for verkeområdet til bystyret sine delegerte. Desse regionane er så å seie samstemtr med inndelinga i fem administrative bydelar som eksisterte i åra 1960-1992. Dei fem regionane er Bałuty, Górna, Polesie, Śródmieście og Widzew, som igjen vert delt inn i 37 mindre administrative hjelpeeiningar (osiedla).

style="text-align:center"
Bydel Areal (per 31.12.05)[6] Folketal (per 31.12.06)[7]
km² %
Bałuty 78,9 26,8 218 144
Górna 71,9 24,4 178 184
Polesie 46,0 15,6 147 204
Śródmieście 6,8 2,3 77 831
Widzew 90,8 30,9 138 888
Sum 294,4 100,0 760 251

Historia til bydelane endre

 
«Łódź is beautiful. Its mysterious climate I like the most. Łódź made me start dreaming again». (David Lynch)
På biletet: Śródmieście

Den første oppdelinga av Łódź i mindre einingar fann stad under den tyske okkupasjonen under den andre verdskrigen. Tyskarane innlemma mange omkringliggjande tettstader i byen, og delte opp det utvida byområdet i mindre administrative einingar. Etter frigjeringa vart statusen frå før krigen gjenoppretta, både med tanke på inndelinga av byen og innlemminga av tettstadane. Seinare vart nokre landsbyar derimot innlemma og den 27. mai 1946 vart Łódź sitt område gjort større og byen delt inn i tre bydelar: Północ («Nord»), Południe («Sør») og Śródmieście («Midtbyen»).

I 1954 vart den administrative inndelinga endra til sju bydelar: Bałuty, Chojny, Polesie, Ruda, Staromiejska, Śrómieście og Widzew. Den 1. januar 1960 vart denne oppdelinga endra og ei ny administrativ inndeling vart innført. Denne varte lengst og er framleis til stades i medvitet til innbyggjarane i byen. Som følgje av reforma vart bydelen Staromiejska innlemma i Bałuty, medan bydelane Chojny og Ruda vart slått saman til den nye bydelen Górna. Grensene til dei andre bydelane vart òg endra, nokre gonger ein heil del. Frå den tid av var Łódź inndelt i fem bydelar: Bałuty (den nordlege delen), Górna (den sørlege delen), Polesie (den vestlege delen), Śródmieście (sentrum) og Widzew (den austlege delen).

Etter 1960 endra grensene til dei enkelte bydelane seg ofte. Dette skjedde ikkje på kostnad av nabobydelane, men på kostnad av omkringliggjande tettstader som suksessivt vart innlemma i byen. Den siste store endringa fann stad 1. januar 1988, då området til bydelane Widzew og Górna vart kraftig utvida.

Den 1. januar 1993 vart oppdelinga av Łódź i bydeler formelt oppheva, samstundes som byen vart ein eigen bykommune, frå 1. januar 1999 med distriktsnivåstatus. For den administrative ytinga overfor innbyggjarane i byen vart Łódź derimot delt opp i fem «regionar». Desse utgjer verkeområdet til bystyret sine delegerte, med same namn og område som dei tidlegare bydelane. Łódź er dessutan delt inn i 37 administrative osiedla («busetnader»), som har status som hjelpeeiningar for gminaen. Med verkeomfanget sitt og kompetansane sine svarer dei derimot formelt ikkje til bydelar.

Namna på bydelane endre

Bydelane som vart oppretta i 1946 fekk namn etter den geografiske plasseringa i byen (Północ – «Sør», Południe – «Nord», Śródmieście – «Midtbyen»). Bydelane Bałuty, Chojny og Widzew frå 1954 vart kalla opp etter landsbyar som tidlegare låg i sentrum av desse bydelane, og som vart innlemma i byen før første verdskrig. Bydelen Ruda fekk namn etter landsbyen Ruda Pabianicka, som utgjorde ei sjølvstendig eining fram til 1946. Bydelen Staromiejska («Gamlebyen») fekk namnet sitt fordi han omfatta dei eldste områda av byen, medan bydelen Śródmieście («Midtbyen») vart lagt i sentrum av byen. Områda til dagens Polesie («etter skogen», eventuelt «i skogens plass») var fram til 1945 minst urbanisert: Karolew og Retkinia, som i dag er store bustadområde i Polesie, var i lang tid landsbyar omringa av skog. Den sørlege bydelen Górna, som vart oppretta i 1960, vart kalla opp etter det opphavlege namnet til hovudtorget sitt: Rynek Górny («Det øvre torget», i dag Władysław Reymonts plass).

Demografi endre

 
Łódź har sidan 1800-talet vore ein av dei største byane i Polen.
Innbyggjartalet i Łódź
År Folketal År Folketal
1790 190 1925 538 600
1799 369 1939 672 000
1806 767 1945 300 000
1831 4 717 1951 646 000
1840 20 150 1990 851 700
1844 14 028 2000 793 200
1850 15 764 2001 786 500
1865 40 000 2002 785 100
1872 50 000 2003 779 100
1880 77 600 2004 774 000
1894 168 513 2005 767 600
1905 343 944 2006 760 251

I 1790 levde berre 190 menneske i Łódź. Femti år seinare var innbyggjartalet opp i 20 150, og med industriutviklinga i byen voks dette talet til 168 513 i 1894. Alt i 1850 var Łódź den største byen etter Warszawa i Kongress-Polen[1]. I løpet av berre eitt hundreår auka innbyggjartalet 1000 gonger[1]. Ein så rask demografisk vekst på 1800-talet er utan sidestykke i heile Europa.[3] Folketalet i andre europeiske byar på denne tida vart høgst seksten gonger større.

I byrjinga av den andre verdskrigen hadde Łódź 672 000 innbyggjarar. Krigen tok livet av over 400 000 menneske, men alt i 1950 låg innbyggertalet på 620 000. Hovudårsaka til denne folkeveksten var migrasjon frå øydelagde byar og områda i aust som vart annektert av Sovjetunionen. Den demografiske strukturen endra seg derimot radikalt. I 1939, like før krigsutbrotet, bestod folkesetnaden av 52 % polakkar, 33 % jødar, 14 % tyskarar og eit mindretal russarar. Etter holocaust og den tyske folkesetnaden sin flukt frå byen bestod Łódź i 1947 derimot av 93 % polakkar. For første gong i den fleirkulturelle historia si fekk byen ein etnisk einsarta folkesamansetting[1]. Den demografiske utviklinga heldt fram til byrjinga av 1990-talet, og i 1989 oppnådde Łódź med 851 700 innbyggjarar det største folketalet i historia si. På 1990-talet byrja dette talet å minke, hovudsakleg på grunn av tilbakegangen til tekstilindustrien.[1]

Den 31. desember 2006 hadde byen 760 251 innbyggjarar,[8] med ein folketettleik på 2593/km²[8] og i dag er han den tredje største byen i Polen etter hovudstaden og Kraków. Av desse var 346 181 menn[7] og 414 070 kvinner[7]. Flest innbyggjarar budde det i bydelen Bałuty (218 144)[7], men det var Śródmieście som hadde den største folketettleiken (over 11 000/km²)[7]. Den naturlege tilveksten utgjorde i 2005 -6,1 per 1000 innbyggjarar, og migrasjonssaldoen -1,4/1000.

Ifølgje uoffisielle tal frå det polske statistiske sentralbyrå skal Kraków i månadsskiftet juni/juli 2007 ha overgått Łódź med eit hundretals innbyggarar, noko som betyr at Łódź i dag er Polens tredje største by[9]. Dei offisielle tala vil først verte publisert i 2008. Demografar forklarer dette statistiske skiftet med den negative tilveksten i Łódź, som skuldast den relativt høge alderen til innbyggjarane i byen. Det vert notert fleire dødsfall enn fødslar på grunn av dette. Migrasjon kan òg ha hatt ein viss innverknad. Av dei som vel å migrere reiser dei fleste til Warszawa og Wrocław, der arbeidsløysa er lågare og løna høgare. Ifølge bystyret i Łódź vil byen i næraste framtid igjen passere Kraków i innbyggjartal, hovudsakleg på grunn av den store interessa byen opplever på investeringsmarkedet i dag, og det faktum at fleire kvinner i byen nærmar seg fødealderen.

Attraksjonar endre

 
Kultur-, handels- og rekreasjonssenteret Manufaktura.
Foto: Marek og Ewa Wojciechowscy

Łódź er rik på attraksjonar som vitnar om den tidlegare stordomstida til byen. Dette ser ein igjen i det historiske bysentrumet og i dei mange fabrikkompleksa som er å finne i byen. Noko ulikt andre polske gamlebyar oppstod sentrum av Łódź slik det er i dag først på 1800-talet og er kjenneteikna av eit rektangulært nettverk av lange og smale gater som er tettbygd med rekker av mursteinshus. Ein kan finne både representative, rikt utsmykka bygg og meir beskjedne leigegardar.

 
Skoens hus i Łódź.
Foto: Marek og Ewa Wojciechowscy

Łódź utvikla seg til å verte ein storby på tida då historismen, art nouveau og modernismen dominerte i arkitekturen, og desse stilane pregar framleis byen. Łódź har mellom anna ein av dei største konsentrasjonane art nouveau i Europa, og i byarkitekturen kan ein finne neoromanske former, nygotisk stil, florentinsk, romersk og venetiansk renessanse samt franske motiv. Arkitekturen har òg russisk-bysantinske element, og før den andre verdskrigen òg mauretansk stil som var å finne i fleire av synagogene i byen.

Av hovudinteresse er dei store fabrikkompleksa til Karol Scheibler (Księży Młyn) og Izrael Poznański (Manufaktura), mange fabrikantresidensar, den representative Piotrkowska-gata samt fleire sakralbygg. Dei sistnemnde gjenspeglar kanskje på best måte byen si fleirkulturelle fortid, der polakkar, jødar, tyskarar og russarar levde side om side. I Łódź finst derfor både katolske, protestantiske, ortodokse og jødiske kyrkjegardar og gudshus. Eit unntak er derimot dei mange vakre synagogene som fanst tidlegare i byen, men som vart brende ned av tyske nazister under den andre verdskrigen.

Òg arkitekturen viser ulike stilar med påverknader og impulsar frå både aust (Sankt Petersburg, Riga) og vest (Berlin, Paris, Wien). Den viktigaste arkitekturen vart reist etter teikningar av landsmennene Hilary Majewski, Gustaw Landau-Gutenteger, Dawid Lande og Piotr Brukalski. Mange viktige bidrag kom òg utanfra, mellom anna frå Berlin (Franz Schwechten, Alfred Balcke og Wilhelm Martens), Wien og Wrocław (då kjent som Breslau). Det same kan ein sei om det mangfaldige og stilrike indre til kyrkjene i byen, som ved sidan av firma frå Łódź vart òg utformet i verkstad frå Warszawa, Dresden, Berlin, Wien, Zittau, Sankt Ulrich, Riga, Sankt Petersburg, Leipzig og Venezia.

Piotrkowska-gata og Fridomsplassen endre

 
Dawid Sendrowicz sitt mursteinshus.
Foto: Marek og Ewa Wojciechowscy

Piotrkowska-gata er den lengste handelsgata i Europa[1][10], og samstundes ei av dei lengste gågatene på kontinentet. Ho går ut i nord frå Fridomsplassen, som er ei av få oktogonforma plassar i verda. På plassen ligg Tadeusz Kościuszko-monumentet og ved enden av Piotrkowska-gata Pinsekyrkja og det klassistiske Rådhuset som begge utgjer porten til den kjende gata.

 
Teodor Steigerts mursteinshus.
Foto: Marek og Ewa Wojciechowscy

På Piotrkowska-gata kan ein som i Hollywood Walk of Fame finne stjernene til berømte polske skodespelarar og regissørar (Aleja Gwiazd).

Gata er elles rik på representative mursteinshus i art nouveau og E|vising=tittel,pålinje|klektisk stil frå det 19. og 20. århundre. Blant fleire av dei viktigaste kan nemnast Karol Scheiblers mursteinshus (nr. 11), Dawid Sendrowicz’ mursteinshus (nr. 12), Wilhelm Landaus bankhus (nr. 29), Dawid Szmulewicz’ mursteinshus (nr. 37), Oskar Kons mursteinshus (nr. 43), Poznański-familiens mursteinshus (nr. 51), Herman Konstadts mursteinshus (nr. 53), Hotel Grand (nr. 72), Det tidlegare setet til Ludwik Geyers aksjeselskap (nr. 74), Huset under Gutenberg (nr. 86), Teodor Steigerts mursteinshus (nr. 90), Det tidlegare kontorhuset til Siemens (nr. 96), Skoens hus (nr. 98), Szaja Goldblums mursteinshus (nr. 99), E|vising=tittel,pålinje|splanada (nr. 100), Henryk Sachs’ mursteinshus (nr. 107), Schycht-familiens mursteinshus (nr. 128) og «Krusche i Ender» mursteinshus (nr. 143). Ved Piotrkowska-gata 152 finst derimot verdas største graffiti.

Ved sida av mursteinshusa finst òg ei rekkje palass og fabrikkar ved gata. Dei viktigaste er Maksymilian Goldfeders palass (nr. 77), Juliusz Heinzels palass (nr. 104), Juliusz Kindermanns palass (nr. 137), Karol Haertigs palass (nr. 236), Markus Silbersteins fabrikk (248), Robert Schweikerts palass (nr. 262), Scheibler-familiens palass (nr. 266), Steinert-familiens palass (nr. 272) og Den hvite fabrikk (nr. 282).

Sakralbygningar endre

 
Den kvite fabrikken ved Piotrkowska-gata. Til venstre ser ein St. Matteus kirke og i bakgrunnen Łódź-domen.
Foto: Tomasz Ganicz
 
Pinsekyrkja og Tadeusz Kościuszko-monumentetFridomsplassen i Łódź.
Foto: Marek og Ewa Wojciechowscy

Den katolske Łódź-domen (Piotrkowska-gata 273), eigentleg St. Stanisław Kostkas katedral, er med sine 101 meter byens høgaste bygning. Ikkje langt unna ligg den evangelisk-augsburgske St. Matteuskyrkja (Piotrkowska-gata 283).

Andre viktige katolske kyrkjer er St. Georgskyrkja, Heilagkrosskyrkja, Jesu heilage hjartes kyrkje, Pinsekyrkja og St. Antonkyrkja. Sistnemnde er i Łagiewniki-skogen like ved Fransiskanerklosteret. Dei eldste sakralbygningane i Łódź er St. Roch kapell og St. Anton kapell.

I byen finst òg den ortodokse St. Aleksander Nevskij-katedralen og St. Olga kirke. Tidlegare fanst det fleire synagogar, men dei gjekk tapt under den andre verdskrigen. Dei viktigaste var Alte Sził-synagogen, Wołyner Sził-synagogen og Den store synagogen. Den einaste synagogen i bruk i dag er Reicher-synagogen.

Fabrikantresidensar endre

 
Izrael Poznańskis palass sett frå Zachodnia-gaten.
Foto: Marek og Ewa Wojciechowscy

Łódź er svært rik på fabrikantpalassar. Ved sida av dei store fabrikkompleksa bygde fabrikantane imponerende palass til seg sjølv og familiane sine. Dei kunne òg stå avsides for fabrikkane, noko palassa ved Piotrkowska-gata er gode døme på.

Det mest overdådige palasset i byen er utan tvil Izrael Poznański sitt palass ved Ogrodowa-gata, som samstundes er den største fabrikantresidensen i Europa[11]. Palasset vart bygd like ved Poznański sitt enorme fabrikkompleks som i dag hyser Manufaktura. Fabrikanten bygde òg palass til sønene sine (Karol Poznański sitt palass og Maurycy Poznański sitt palass) og dotter si(Jakub Hertz sitt palass).

Også Karol Scheibler sitt palass vart bygd ved eigaren sine fabrikkar i Księży Młyn. Av andre viktige fabrikantresidenser finn ein Reinhold Richter sin villa, Ludwik Grohman sin villa, Edward Herbst sin villa, Wilhelm Lurkens sin villa og Kopischs bleikeri.

Kyrkjegardar endre

 
Den nye jødiske kyrkjegarden i Łódź er den største jødiske gravlunden i Europa.

Dei mest kjende kyrkjegardane i Łódź er Doły-kyrkjegarden, Den gamle kyrkjegarden og Den nye jødiske kyrkjegarden. Sistnemnde er den største jødiske kyrkjegarden i Europa[1], og her ligg samtidig den største jødiske grava i verda – Izrael Poznański-mausoleumet[1]. Dei tre kyrkjegardane er alle kunsthistorisk viktige, særleg Den gamle kyrkjegarden, med sakrale kunstverk som Scheibler-kapellet, Heinzel-kapellet og Gojżewski-mausoleumet.

Andre byggverk endre

Bygningar reiste i art nouveau finst òg utanfor Piotrkowska-gata. Nokre av dei beste døma er Reinhold Bennich-villaen, Leopold Kindermann-villaen, Zygmunt Dejczman sitt mursteinshus, Leon Rappaport sin villa, Ryszard Szymmel sin villa og Rachmil Lipszyc sitt mursteinshus.

Fleire representative bygningar vart reiste til nasjonale institusjonar. Døme er Telefonsentralen PAST-bygget, PBK sitt sete, PKO BP sitt sete, Hovudpostkontoret og Setet til Polen sin nasjonalbank. I sistnemnde ligg den største banksalen i Europa[12].

Andre interessante bygningar er mellom anna Hotel Savoy og Hotel Polonia Palast, som ved sida av Hotel Grand høyrer til byen sine mest tradisjonsrike hotell; Mieczysław Pinkus sitt mursteinshus, Nissen Rosenblum sitt mursteinshus, Edward Lungen sitt mursteinshus, Auerbach-brørne sitt mursteinshus, Kredittselskapet, Grohman sine tønner og bygningane ved Stanisław Moniuszkos gate.

Grøne Łódź endre

 
Klepacz-parken i Łódź.

I Łódź finst over 30 økologisk og sosialt viktige parkar. Dei dekkjer nesten 10 % av byarealet. 11 av parkane vert rekna som kulturattraksjonar, og fleire av dei vart anlagde på 1800-talet og var opphavleg private fabrikantparkar. Med tida vart dei opna for arbeidarane og den øvrige folkesetnaden. Den eldste offentlege parken, Park Źródliska, vart anlagd i 1840 som den nest eldste i Polen etter Den saksiske hagen i Warszawa. I denne parken finst det vidkjende Łódź Palmehus.

Innanfor byen sine grenser finst òg Łagiewniki-skogen, som med sine 1205,45 hektar er den største byparken i Europa[13]. Av andre grøne attraksjoner finn ein Łódź Dyrehage og Łódź Botaniske Hage.

Kultur endre

 
Filharmonia Łódzka - Filharmonien i Łódź.
 
Det arkeologiske og etnografiske museum ligg ved Fridomsplassen.
 
Manufaktura om natta.
 
Teatr Wielki er det nest største teateret i Polen.
Foto: Jan Mehlich

Łódź har eit velutvikla og mangfaldig kulturliv innan mellom anna musikk, teater, litteratur, kunst og film, med eit titals festivalar som vert haldne kvart år.

Det kulturelle sentrumet i byen strekkjer seg langs Józef Piłsudskis allé, Piotrkowska-gata, Tadeusz Kościuszkos allé og Zachodnia-gata fram til Izrael Poznański-palasset og det 27 hektar store handels-, kultur- og rekreasjonssenteret Manufaktura, som er eit av dei største i Europa.

Langs den representative Piotrkowska-gata, som samstundes er den lengste handelsgata i Europa, finst motesalongar, kinoar, kunstgalleri, bankar og eksklusive butikkar. Han byr òg på kanskje det beste utvalet innan restaurantar og skjenkjestader i Polen, og om sommaren òg ølhagar med tradisjonar tilbake til 1800-talet.

Museum endre

I byen finst fleire museum, mellom anna:

  • Narodowe Muzeum Sztuki («Det nasjonale kunstmuseum») – det eldste og eit av dei viktigaste museuma for moderne kunst i Europa
  • Centralne Muzeum Włókiennictwa («Det sentrale tekstilmuseumet») med den største samlinga tekstilar i Polen
  • Muzeum Kinematografii («Kinematografimuseumet») som mellom anna stiller ut gamle filmapparat, rekvisittar frå kjende filmar og dokker frå filmstudioet Se-ma-for
  • Muzeum Historii Miasta Łodzi («Byen Łódź sitt historiske museum»)
  • Muzeum Archeologiczne i Etnograficzne («Det arkeologiske og etnografiske museumet») med mellom anna ei omfattande numismatisk samling
  • Muzeum Tradycji Niepodległościowych («Sjølvstendetradisjonmuseumet») som viser Polen sin kamp for sjølvstende, mellom anna under den andre verdskrigen.

Teater endre

Byen har eit rikt teaterliv med over 20 teaterscenar. Her verkar mellom anna fleire dramatiske teater, fleire barneteater, Musikkteateret og Teatr Wielki, som er eit av dei største i Europa. Det har sidan opninga i 1967 oppført over 270 premiereforestillingar, og spesialiserer seg i operaer, operetter og ballettforestillingar.

Musikk endre

Det musikalske livet i byen er representert frå den klassiske sida av Filharmonia Łódzka («Łódź Filharmoni»), som vart grunnlagt i 1915. Det filharmoniske orkesteret er eit av dei fremste i Polen og har gjestespelt i nesten heile Europa, USA og det fjerne Austen. Av kjende polske musikkgrupper frå Łódź finn ein Trubadurzy, Varius Manx, Ich Troje og Blue Cafe.

Film endre

Som det største filmindustrisenteret i Polen har byen fått kallenamnet Hollyłódź – ein allusjon til Hollywood i USA. I andre halvdel av 1900-talet vart dei fleste polske filmane produsert her.

I Wytwórnia Filmów Fabularnych («Hovudfilmstudioet») vert det laga dokumentar- og undervisningsfilmar, mellom anna Maciej Drygas sin Usłyszcie mój krzyk, som vann Felix-prisenThe European Film Awards.

I det kjende filmstudioet Se-ma-for oppstod kjente teikneseriar som Miś Uszatek, Colargol, Zaczarowany ołówek eller Kot Filemon. Det var òg her Zbigniew Rybczyński laga den Oscarvinnande filmen Tango.

Łódź er elles kjend for den verdskjende filmhøgskulen, der mellom anna Andrzej Wajda, Roman Polański og Krzysztof Kieślowski starta karrierene sine. Frå 2000 har den prestisjefulle filmfestivalen Camerimage vorte halden i Łódź.

Festivalar endre

Dei viktigaste festivalane som vert haldne i byen er filmfestivalen Camerimage, Festiwal Dialogu Czterech Kultur («Dei fire kulturane sin festival»), Międzynarodowy Festiwal Fotografii («Den internasjonale fotografifestivalen») og Fiesta Libre. Av dei meir artistiske arrangementa er særleg Łódzkie Spotkania Baletowe («Ballettmøter i Łódź») populær. Annakvart år vert dei nyaste trendane innan verdsballetten presentert på Teatr Wielki-scenen.

Økonomi endre

 
Philips sitt europeiske bokføringssenter i Łódź.
 
Finanssenteret i Łódź strekkjer seg langs Józef Piłsudskis allé.

Som med heile voivodskapet er Łódź eit av dei økonomiske sentera som utviklar seg raskast i Polen. Årsaka til dette er den gunstige geografiske plasseringa til byen i midten av landet samt tre kommunikasjonsknutpunkt som no oppstår i eller rundt Łódź: motorveg, jernbane og luftfart[14].

Tekstilindustrien, som byen var eit av dei største sentera i verda for på 1800- og 1900-talet, har stadig vorte mindre viktig. På 1990-talet følgde ein stor nedgang innan tekstilbransjen og byen vart tvinga til å utvikle nye industrigreiner. Dette førte til at Łódź gjekk frå å vere ein fallen tekstilmonokultur til å verte ein av dei meir attraktive investeringsregionane i Polen. I dag er særleg utviklinga av nye teknologiar, infrastruktur (utbygginga av lufthamna, motorvegar samt moderniseringa av jernbanesambandet med Warszawa) og investeringa innan dei tre bransjene BPO (Business Process Offshoring), logistikk og hushaldning viktige for byen.

 
Bank- og finanssenteret.

Łódź hyser hovudseta til mBank, Multibank, Polska Grupa Farmaceutyczna (den største medisindistributøren i Polen) og BOT (største produsent av elektrisk energi i landet). Her finst òg kontortenestesentera til GE Money Bank og Philips. Sistnemnde sitt europeiske senter for bokføring i Łódź tener 115 avdelingar i 20 land. Det polske lågprisflyselskapet Centralwings har òg setet sitt her.

Łódź har vorte eit dominerande senter for produksjonen av hushaldningsutstyr i Europa etter at Merloni Indesit og Bosch/Siemens valde å investere her. Andre firma som har investert i byen i dei siste åra er Gillette (som har bygd den største fabrikken sin i Łódź), VF Corporation, ABB, Hutchinson, Precise Technology, Ericpol Telecom, TP SA og ComArch. For tida byggjer konsulentselskapet Accenture det såkalla informatikksenteret «Demo», og CitiBank opprettar bokføringssentralen sin her. I 2007 bygde den amerikanske datamaskinprodusenten Dell fabrikken sin i byen, med 2 500 arbeidsplassar. I løpet av seks år vil 12 000 nye arbeidsplassar oppstå på grunn av Dell og samarbeidspartnarane deira. Fabrikken skal produsere serverar og to typar bærbare PCar. Mesteparten skal seljast i Polen og det sentralaustlege Europa.

I det siste har òg store handels- og rekreasjonssenter oppstått i byen, mellom anna Galeria Łódzka og Manufaktura (sistnemnde har eit areal på 27 hektar). Det er særleg Łódzka Specjalna Strefa Ekonomiczna («Den spesielle økonomiske sonen Łódź») som har medverka til industriutviklinga i byen dei siste åra. Den økonomiske sonen, som er ei av 14 slike i Polen, opna i 2005 flest fabrikkar av alle sonene[15]. I løpet av ti år (1997-2007) har over 1 milliard euro vorte investert i sonen, og over 10 000 nye arbeidsplassar er oppstått[16].

I forhold til andre polske storbyar har Łódź likevel høg arbeidsløyse og av den grunn eit lågare velstandsnivå hos innbyggjarane sine. Årsaka til dette er i stor grad tekstilindustrien sitt fall, men på grunn av nye investeringar og til dels migrasjon har arbeidsløysa falle dei siste åra. I 2003 utgjorde ho 19,1 %, i 2004 18,4 %, i 2005 16,4 % og i 2006 11,9 %[17]. Gjennomsnittsløna har derimot auka frå 2 037 złoty i 2003 til 2 349 złoty i 2006[17]. Ho er likevel lågare enn i andre storbyar i Polen.

Utdanning endre

 
Universitetet i Łódź er eit av dei største i Polen.
Foto: Tomasz Ganicz

Łódź er eit av dei viktigaste akademiske sentera i Polen. Byen er heimstad til over 100 000 studentar fordelte på 23 høgskular, der seks er statlege og 17 er private.

Av dei statlege universiteta finst den verdskjente Filmhøgskulen i Łódź samt Universitetet i Łódź og Det tekniske universitet i Łódź, som er av dei største og beste høgskulane i landet, med til saman 20 fakultet og over 60 000 studentar.

Andre offentlege høgskular er Det medisinske universitet, Musikkhøgkulen og Kunsthøgkulen. Vidare har byen over 195 grunnskular og ungdomsskular samt 196 vidaregåande skular og yrkesskular.

Historie endre

Det vart lagt mykje arbeid i utdanningsutviklinga i Łódź etter første verdskrigen, då byen mista noko av posisjonen sin innan tekstilindustrien. Ved sjølvstende til Polen i 1918, vart eit av hovudmåla til styresmaktene den gongen å gjenoppbyggje og utjamne det polske skulesystemet i tida etter delingane av Polen. Ei ny lovgjeving måtte òg utformast. I 1919 vart allmenn skulegang gjeninnført i Łódź for første gong i det sjølvstendige Polen[5].

Også tida etter den andre verdskrigen viste seg å vere fruktbar for utdanningssektoren i byen. På grunn av øydeleggingane i Warszawa vart hovudstaden uoffisielt flytta til Łódź. Det vart derfor oppretta mange sentrale institusjonar i byen, og ein stor del av intelligentsiaen flytta hit. Denne situasjonen utløyste i stor grad Łódź si vidare metropolittiske utvikling[18]. Etter at Warszawa vart gjenoppbygd vart det framleis satsa mykje på utdanning i byen, og i dag framstår Łódź som eit viktig senter for kultur og vitskap med eit stort intellektuelt potensial.

Samferdsel endre

Łódź er eit viktig kommunikasjonsknutepunkt. Gjennom eller i nærleiken av byen går dei internasjonale vegane E75 (FinlandGdańskToruń – Łódź – CzęstochowaCieszynTsjekkia) og E30 (TysklandPoznańStryków (Łódź) – WarszawaTerespolKviterussland) og landsvegane 1, A2, 14 og 72.

I byen går det 71 bussruter, der sju er nattruter. I tillegg finst gratis bussruter som vert finansierte av varehus og kjøpesenter. 70 % av bussane er moderne låggolvsbussar. Dei to viktigaste rutebilstasjonane er Łódź Centralna og Łódź Północna.

 
Władysław Reymont lufthamn, Łódź.

Trikkar høyrer òg til dei mest populære transportmidla i byen. Dei 19 trikkrutene, der fire er regionale, vert tente av mellom anna 15 moderne låggolvstrikkar av typen Cityrunner. Ein kan òg støyte på eldre modellar som 850N. I den næraste framtida skal dessutan Łódzki Tramwaj Regionalny («Łódź Regiontrikk») oppstå. Den moderne trikkeruta skal gå gjennom byane Zgierz, Łódź og Pabianice.

Dei viktigaste jernbanestasjonane i Łódź er Łódź Fabryczna (med avgangar til Warszawa, Kraków, Olsztyn og Bielsko-Biała) og Łódź Kaliska (med avgangar til mellom anna Bydgoszcz, Gdańsk, Katowice, Kraków, Lublin, Poznań, Szczecin, Toruń, Warszawa og Wrocław). Byen har òg ein moderne godsstasjon med lagerkapasitet på 53 000 m². Han kan ta imot 2 000 vogner dagleg. I nær framtid skal det dessuten byggjast ei hurtigtoglinje mellom byane Warszawa, Łódź, Poznań og Wrocław.

I byen finst den internasjonale Władysław Reymont lufthamn Łódź, med flyruter til mellom anna Warszawa, Paris, Roma, Dublin, London og Liverpool.

Langs Piotrkowska-gata har fotgjengarar òg høve til å verte transporterte med sykkelrickshawar.

Łódź i litteratur og film endre

Det er særleg to romanar som skildrar utviklinga av industrielle Łódź: Nobelprisvinnaren Władysław Reymont sin Ziemia obiecana («Det forjetta landet», 1898) og Israel Joshua Singers[19] Di Brider Ashkenazi («Brødrene Ashkenazi», 1937). Singer skreiv boka si på jiddisch og emigrerte til USA i 1934. Reymont sin roman vart seinare filmatisert av Andrzej Wajda i 1975. Eit av dei meir kjende hotella, Hotel Savoy, vart popularisert av Joseph Roth i romanen med same tittel.

I amerikansk populærkultur var Łódź den openberre fødestaden til Ernst Lodz i TV-serien Carnivàle. Łódź er òg den første byen som vart øydelagd av eit atomåtak frå Sovjetunionen i John Birmingham sin trilogi Axis of Time. Byen spelar ei viktig rolle i sagaene Worldwar og Colonization av Harry Turtledove. David Lynch sin film Inland Empire (2006) vart filma i Łódź.

Kjende personar med tilknyting til Łódź endre

 
Władysław Reymont
 
Artur Rubinstein
  • Jadwiga Andrzejewska (1915-1977), skodespelarinne
  • Grażyna Bacewicz (1909-1969), komponist og fiolinist
  • Andrzej Bartkowiak (1950-), regissør og kameramann
  • Max Factor Senior (1872-1938), grunnleggjaren av kosmetikkfirmaet Max Factor
  • Ludwik Geyer (1805-1869), fabrikant
  • Ludwik Grohman (1826-1889), fabrikant
  • Vladislav II Jagello (1362-1434), gav Łódź byrettar
  • Aleksander Kamiński (1903-1978), motstandskjempar under den andre verdskrigen
  • Jan Karski (1914-2000), motstandskjempar under den andre verdskrigen
  • Władysław Kędra (1918-1968), pianist
  • Krzysztof Kieślowski (1941-1996), regissør
  • Katarzyna Kobro (1898-1951), skulptør
  • Jerzy Kosiński (1933-1991), forfattar
  • Tadeusz Kotarbiński (1886-1981), filosof
  • Daniel Libeskind (1946-), arkitekt
  • Hilary Majewski (1838-1892), arkitekt
  • Roman Polański (1933-), regissør
  • Izrael Poznański (1833-1900), fabrikant
  • Krzysztof Ptak (1954-), kameramann
  • Rajmund Rembieliński (1775-1841), politikar
  • Władysław Reymont (1867-1925), Nobelprisvinnar (litteratur)
  • Józef Rotblat (1908-2005), Nobelprisvinnar (fredsprisen)
  • Akiba Rubinstein (1882-1961), sjakkspelar
  • Artur Rubinstein (1887-1982), pianist
  • Zbigniew Rybczyński (1949-), regissør og kameramann
  • Andrzej Sapkowski (1948-), forfattar
  • Karol Scheibler (1820-1881), fabrikant
  • Stefania Skwarczyńska (1902-1988), teatrolog og litteraturhistorikar
  • Włodzimierz Smolarek (1957-), fotballspelar
  • Stanisław Staszic (1755-1826), opplysingsmann
  • Władysław Strzemiński (1893-1952), målar
  • Aleksander Tansman (1897-1986), komponist og pianist
  • Roman Totenberg (1911-), fiolinist
  • Julian Tuwim (1894-1953), diktar
  • Wincenty Tymieniecki (1871-1934), den første biskopen i Łódź
  • Michał Urbaniak (1943-), jazzmusikar
  • Wanda Wiłkomirska (1929-), fiolinist
  • Ludwik Zamenhof (1859-1917), lege og polyglott
  • Adolf Zeligson (1867-1919), arkitekt
  • Teresa Żylis-Gara (1930-), operasongerinne

Venskapsbyar endre

Łódź er venskapsby med:

By Land Sidan (år)
 Barreiro   Portugal 1996
 Chemnitz   Tyskland 1972
 Ivanovo   Russland 1992
 Kaliningrad   Russland 1992
 Lyon   Frankrike 1991
 Minsk   Bulgaria 1993
 Murcia   Spania 1999
 Odessa   Ukraina 1993
 Örebro   Sverige 2001
 Puebla   Mexico 1997
 Rustavi   Georgia 1995
 Stuttgart   Tyskland 1988
 Szeged   Ungarn 2004
 Tammerfors   Finland 1996
 Tel-Aviv   Israel 1994
 Tianjin   Kina 1994
 Vilnius   Litauen 1991

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 The Golden Book of Łódź, Bonechi-Galaktyka 2006 ISBN 83-87914-94-0
  2. Zbigniew Kotecki, Krzysztof Stefański, Łódź. Szkice do portretu miasta, Studio Filmowe Itaka, Łódź 2007 ISBN 978-83-924356-1-7
  3. 3,0 3,1 Łódź’ historie (1423-1869), arkivert frå originalen 7. august 2007, henta 2. juni 2008 
  4. 4,0 4,1 4,2 Łódź si historie (1870-1918), arkivert frå originalen 3. august 2007, henta 2. juni 2008 
  5. 5,0 5,1 5,2 Łódź si historie (1919-1948), arkivert frå originalen 9. august 2007, henta 2. juni 2008 
  6. Arealet til bydelane
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Folketal. Storleik og struktur 31. desember 2006 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 25. oktober 2007, henta 25. oktober 2007 
  8. 8,0 8,1 Areal og folketal i Polen i 2007 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 1. desember 2007, henta 1. desember 2007 
  9. «Kraków er no større enn Łódź!», frå Express Ilustrowany, 10.07.07
  10. Łódź i dag, arkivert frå originalen 7. august 2007, henta 2. juni 2008 
  11. Izrael Poznański sitt palass[daud lenkje]
  12. Opne dagar i Polens nasjonalbank, arkivert frå originalen 26. september 2007, henta 2. juni 2008 
  13. Łagiewniki-skogen, arkivert frå originalen 30. april 2009, henta 2. juni 2008 
  14. Łódź-voivodskapets departement
  15. «Kva venter dei spesielle økonomiske sonene?», frå Gazeta Wyborcza, 05.02.06
  16. Łódź Økonomiske Sone
  17. 17,0 17,1 «Arbeidsløysa fell, lønningane stig», frå Express Ilustrowany, 23.02.07
  18. Łódź, Hamal Books ISBN 83-86289-63-5
  19. Israel Joshua Singer er bror av nobelprisforfattaren Isaac Bashevis Singer

Litteratur endre

  • The Golden Book of Łódź, Bonechi-Galaktyka 2006 ISBN 83-87914-94-0
  • Włodzimierz Małek, Ryszard Bonisławski, Łódź. Barwy Miasta (polsk, engelsk, tysk), Sagalara & Wowo, Łódź 2002 ISBN 83-910842-2-1
  • Zbigniew Kotecki, Krzysztof Stefański, Łódź. Szkice do portretu miasta (polsk, engelsk, tysk), Studio Filmowe Itaka, Łódź 2007 ISBN 978-83-924356-1-7
  • Marek Budziarek, Leszek Skrzydło, Marek Szukalak, Łódź nasze miasto (polsk, tysk), Oficyna Bibliofilów, Łódź 2000, ISBN 83-87522-34-1
  • Joanna Podolska, Jacek Walicki, A guide to the jewish cemetery in Łódź, Oficyna Bibliofilów, Łódź 2001 ISBN 83-904646-3-2
  • Mirosław Zbigniew Wojalski, Kieszonkowa kronika dziejów Łodzi, ZORA, Łódź 1998 ISBN 83-86699-42-6, 5. utgåve 2006
  • Mirosław Zbigniew Wojalski, 575 lat Miasta Łodzi, ZORA, Łódź 1998 ISBN 83-86699-13-2, 5. utgåve 2006

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Łódź