Świętokrzyskiefjella

Świętokrzyskiefjella (Heilag kross-fjella, polsk Góry Świętokrzyskie) er ei fjellkjede sentralt i Polen, i nærleiken av byen Kielce. Dei fleste delane av kjeda består av separate fjellmassiv. Det høgaste av desse er Łysogóry (det berre fjellet). Dei to høgaste toppane er Łysica på 612 moh og Łysa Góra på 593 moh. I lag med Jura Krakowsko-Częstochowska dannar fjella ein region kalla Det veslepolske høglandet (Wyżyna Małopolska). Fjellkjeda dekkjer eit areal på 1684 km².

Świętokrzyskiefjella
Ei steinur (Gołoborze)

Świętokrzyskiefjella er ei av dei eldste fjellkjedene i Europa. Dei vart danna under den kaldeonske fjellkjedefoldinga under silurperioden og vart så forynga den hercyniske orogenesen i den nyare koltida.

Frå tidleg i mellomalderen har det vorte vunne ut kopar og jern frå fjella. Seinare vart det òg teke ut kalkstein og raud sandstein. I dag er dei sentrale delane av fjella ein del av Świętokrzyski nasjonalpark.

Namnet Heilage Kross-fjellet refererer til eit funn frå eit benediktinarkloster i Łysa Góra, som visstnok er eit lite stykke tre frå den heilage krossen som Jesus vart krossfesta på.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Świętokrzyskiefjella

Kjelder endre

50°53′N 20°55′E / 50.883°N 20.917°E / 50.883; 20.917

  Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.