Świna (tysk Swine; pommersk Swina) er ei elv i Polen som renn frå Stettiner Haff til Austersjøen mellom øyane Usedom og Wolin. Ho er ein del av elvemunningen til Oder, og fører om lag 75 % av vassmengda hennar (resten går gjennom Peenestrom (15 %) og Dziwna (10 %). Ho har ei lengd på om lag 16 km. Świnoujście er ein by langs elva.

Świna
elv
Swina og Austersjøen
Land  Polen
Lengd 16 km
Kjelde Stettiner Haff
Munning Austersjøen
Kart
Świna
53°55′21″N 14°16′52″E / 53.9225°N 14.281111111111°E / 53.9225; 14.281111111111
Wikimedia Commons: Świna

Det tyske keisarriket demma opp og gjorde elva djupare frå 1874 til 1880 for å lage Kaiserfahrt (Piastkanalen). Han er forbunde med den nordlege delen av Świna og går til Stettiner Haff og den pommerske hamna Szczecin. Elva var derfor ein viktig vassveg til denne industribyen. Området rundt elva vart overført frå Tyskland til Polen etter den andre verdskrigen.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.