Ъ (liten bokstav ъ) er ein kyrillisk bokstav som opptrer i det bulgarske og det russiske alfabetet.[1] Det finst ingen tilsvarande bokstav i det latinske alfabetet. Han blir også kalla «hardt teikn» eller «stor jer».

Ъ

Bruk
Fonetisk bruk[ɤ̞], [ə], [ɐ], [ʔ], [∅]
Historie
Utvikling
  • Ъ
Anna
Kyrilliske bokstavar
А Б В Г Ґ Д Ђ Ѓ Е Ё Є Ж Ѕ З И І Ї Й Ј К Л Љ М Н Њ О П Р С Т Ћ Ќ У Ў Ф Х Ц Ч Џ Ш Щ Ъ Ы Ь Э Ю Я

Bulgarsk endre

I det bulgarske alfabetet er Ъ den 27. bokstaven. Her er han kjend som ер голям (er goljám) ‘stor jer’.[1] Han blir nytta til å uttrykka fonemet midtre bakre urunda vokal /ɤ̞/, som av og til også blir vist som ein schwa /ə/.

Russisk endre

 
Frå Alexandre Benois si abc-bok frå 1904. Sida viser dub′ (rik), v′yezd′ (høgtideleg inngang) og syr′ (ost).

Ъ er den 28. bokstaven i det russiske alfabetet, og er kjend som твёрдый знак (tvjordyj znak) ‘hardt teikn’.[1] Før revolusjonen i 1917 var han vanleg i russisk rettskriving, men i moderne russisk er han meir sjeldan. Han uttrykker ikkje ein lyd på russisk, men blir nytta ortografisk. Han har som funksjon å skilja prefiks som endar i konsonantar frå morfem som byrjar med ein vokal som har j-lyd framfor seg, og viser at j-lyden framleis skal uttalast. Ein finn han derfor berre framfor я, е, ё og ю (ja, je, jo og ju).

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Bosoni, Jørgen G. (27. januar 2023). «Ъ – kyrillisk bokstav». Store norske leksikon (på norsk).