100 Hekate
asteroide
100 Hekate er ein stor hovudbelteasteroide. Han går i bane i den same regionen som Hygiea-familien, men har ikkje noko med familien å gjera bortsett i frå banen. Albedoen hans på 0,19 er for høg, og han er av feil spektralklasse til å vera del av Hygiea-familien, som består av mørke C-type-asteroidar.
Oppdaging A | ||
---|---|---|
Oppdaga av | J. C. Watson | |
Oppdaga dato | 11. juli 1868 | |
Alternative namn B | ||
Kategori | Hovudbeltet | |
BaneelementC JPL | ||
Epoke 26. november 2005 (JD 2453700,5) | ||
Solfjerne (aphel, Q) | 539,149 mill. km (3,604 AE) | |
Solnære (perihel, q) | 386,502 mill. km (2,584 AE) | |
Stor halvakse (a) | 462,825 mill. km (3,094 AE) | |
Eksentrisitet (e) | 0,165 | |
Omløpsperiode (P) | 1987,636 d (5,44 år) | |
Gjennomsnittleg banefart | 16,82 km/s | |
Gjennomsnittleg anomali (M) | 76,006° | |
Banehelling (i) | 6,430° | |
Lengda til oppstigande knute (Ω) | 127,343° | |
Perihelargument (ω) | 185,908° | |
Fysiske eigenskapar | ||
Dimensjonar | 89 km[1] | |
Masse | ~1,0×1018 kg (estimat) | |
Tettleik | ~2,7 g/cm³ (estimat)[3] | |
Overflategravitasjon | ~0,033 m/s² (estimat) | |
Unnsleppingsfart | ~0,054 km/s (estimat) | |
Rotasjonsperiode | 0,5555 d [2] | |
Albedo | 0,192 [1] | |
Spektralklasse | S | |
Absolutt storleiksklasse: | 7,67 | |
Overflatetemperatur: | ~154 K maks: 238K |
Hekate var den hundrede asteroiden oppdaga; oppdaga av J. C. Watson den 11. juli 1868. Han er namnsett etter Hekate, gudinna for heksekunstar i gresk mytologi, men namnet speilar og at asteroiden er nummer eitt hundre ved at hekaton er gresk for 'hundre'.
Sett frå jorda okkulterte Hekate ei stjerne den 14. juli 2003. Okkultasjonen vart observert frå New Zealand.
Kjelder endre
- PDS-lyskurvedata
- G. A. Krasinsky et al «Hidden Mass in the Asteroid Belt», Icarus, Vol. 158, s. 98 (2002).