243 Ida

asteroide

243 Ida er ein hovudbelte-asteroide som Galileosonden tok bilde av 28. august 1993. 243 Ida blei oppdaga av Johann Palisa 29. september 1884 i Wien. Ida er namnsett etter Ida, ei nymfe frå Kreta i gresk mytologi som levde på eit fjell med same namn på Kreta, i dag Psilorítis).

243 Ida
Oppdaging A
Oppdaga av Johann Palisa
Oppdaga dato 29. september 1884
Alternative namn B
Kategori Asteroidebeltet (Koronis)
BaneelementC JPL
Epoke 22. oktober 2004 (JD 2453300,5)
Solfjerne (aphel, Q) 447,843 mill. km (2,994 AE)
Solnære (perihel, q) 408,207 mill. km (2,729 AE)
Stor halvakse (a) 428,025 mill. km (2,861 AE)
Eksentrisitet (e) 0,046
Omløpsperiode (P) 1767,724 d (4,84 år)
Gjennomsnittleg banefart 17,60 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 245,469°
Banehelling (i) 1,138°
Lengda til oppstigande knute ) 324,218°
Perihelargument (ω) 108,754°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 53,6·24,0·15,2 km
(mean 31,3 km)
Masse 4,2·1016 kg 1
Tettleik 2,6 g/cm³ 1
Overflategravitasjon 0,0109 m/s²
Unnsleppingsfart 0,0185 km/s
Rotasjonsperiode 0,1931 d (4 t 37 min) 2
Albedo 0,2382 3
Spektralklasse S
Absolutt storleiksklasse: 9,94
Overflatetemperatur: ~158 K

Forskaren Ann Harch i Galileogruppa oppdaga under gjennomgang av forseinka bilde 17. februar 1994 at Ida hadde ein liten måne. Asteroidemånen blei gitt det foreløpige namnet S/1993 (243) 1 og seinare omdøypt til 243 (1) Dactyl.

NASA-bilete av 243 Ida. Den vesle prikken til høgre er månen til Ida, Dactyl.

Dactyl er berre 1,4 km i diameter; dette var den fyrste asteroidemånen som blei oppdaga. Somme forskarar meiner at Dactyl er danna av materiale kasta vekk frå Ida ved danninga av eit krater. Andre foreslår at Ida og Dactyl danna eit par for over ein milliard år sidan, da lekamen Ida blei danna frå delte seg. Begge desse hypotesane har problem som det pr. dags dato er umogleg å få svar på. Sidan oppdaginga av Dactyl viser andre observasjonar at asteroidemånar ikkje er uvanlege.

Dimensjonar endre

Sjølv om dimensjonane til Ida langs hovudaksane er 53,6 · 24,0 · 15,2 km måler den best tilpassa ellipsoiden 60,0 · 25,2 · 18,6 km. Maksavviket frå ellipsoiden er ganske stort, 8,4 km. På grunn av månen har det vore mogleg å rekne ut massen nøyaktig, og da finn ein kjapt ut at tyngdekrafta på overflata varierer mellom 0,0031 og 0,0324 m/s² (avhengig av kor på overflata ein er). Rotasjonsaksen er mindre enn ein grad frå den kortare dimensjonsaksen. «Sentrifugal»-effekten kan da blir så stor som 0,0042 m/s² på tuppen av dei lengste aksane. Med andre ord så er Ida faktisk under strekking.

Vitjing av romsonden Galileo endre

Fargebildet er basert på bilde tatt frå Galileosonden omtrent 14 minutt før Galileo var på det næraste til 243 Ida, 28. august 1993. Avstanden var omtrent 10 500 km. Bildet er frå den serien der månen Dactyl blei oppdaga. Dette bildet er samansett av tre kanalar: 410 nanometer (fiolett), 756 nanometer (infraraudt) og 968 nanometer (infraraudt). Fargane er forsterka av di at CCD-kameraet nytta er meir følsamt for nærinfraraudt ljos enn menneskeauge. Den «verkelege» farga til asteroiden er for det meste grå.

Skygga på asteroiden viser forandringane i belysingsvinklane på dei mange bratte bakkane på den ujamne lekamen. Små fargevariasjonar vil au skje på grunn av fysiske forhold og samansettinga av lausmassane (regolitt). Det er lyse område som ser blåe ut på bildet: rundt kratera opp til venstre på Ida, rundt eit krater sentralt på asteroiden og eit langt ute til høgre. Grunnen til dette er kombinasjonen av meir reflektert blått ljos og større absorbering av nærinfraraudt ljos. Dette tyder på forskjellar i mengde eller samansetting av jernhaldige mineral i desse områda.

Månen til Ida har au ei større IR-absorbering og ei anna farge i fiolett enn noko område på denne sida av Ida. Månen har heller ikkje identiske spektraldata som det vi ser av Ida, men den tilsvarande reflektansen og den generelle spektraltypen tyder på at han er laga av hovudsakleg same steintype. Dette, saman med vidare studium av fleire bilde og meir detaljerte spektrum frå spektrometeret til Galileo (Near Infrared Mapping Spectrometer) kan gi forskarane ein sjanse til å fastsetta om den større originale asteroiden Ida, månen og andre asteroidar stammar frå var ein oppvarma variabel lekam, eller hovudsakleg bestod av uendra enkelt chondrittisk material.

Liste over geologiske formasjonar på 243 Ida og månen Dactyl endre

Ida endre

Regionar endre

Idaiske regionar (geologiske særskilte område) er namngitt etter oppdagaren av asteroiden og stadene han jobba

Regio Namngitt etter
Palisa Regio Johann Palisa
Pola Regio Pola
Vienna Regio Wien

Dorsa endre

Den einaste namngitte dorsum på Ida er Townsend Dorsum, namngitt etter Tim E. Townsend, eit medlem av bildeforskargruppa til romsonden Galileo.

Krater endre

Dei idaiske kratera er namngitt etter berømte grotter.

Krater Namngitt etter
Afonkrateret Novy Afon, Abkhasia
Ateakrateret Atea, Papua New Guinea
Azzurrakrateret Azzurra Grotto, Italia
Bilemotkrateret Bilemot, Korea
Castellanakrateret Castellana, Italia
Choukoutienkrateret Choukoutien, Kina
Fingalkrateret Fingal's Cave, Storbritannia
Kartchnerkrateret Kartchner Caverns, Arizona, USA
Kazumurakrateret Kazumura Cave, Hawaii, USA
Lascauxkrateret Lascaux, Frankrike
Lechuguillakrateret Lechuguilla Cave, New Mexico, USA
Mammothkrateret Mammoth Cave, Kentucky, USA
Manjangkrateret Manjang, Korea
Orgnackrateret Orgnac, Frankrike
Padirackrateret Padirac, Frankrike
Peacockkrateret Peacock Cave, Florida, USA
Postojnakrateret Postojna, Slovenia
Sterkfonteinkrateret Sterkfontein, Sør-Afrika
Stiffekrateret Stiffe, Italia
Undarakrateret Undara Cave, Australia
Vientokrateret Viento, Spania

Dactyl endre

Dactyliske krater er namngitt etter dei mytiske daktylane.

Krater Namngitt etter
Acmonkrateret Acmon
Celmiskrateret Celmis

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: 243 Ida