65 Cybele

asteroide

65 Cybele er ein av dei størst asteroidane i hovudbeltet. Asteroiden er namneopphavet til Cybele-familien. Som ein C-type-asteroide er han mørk i farge og karbonhaldig i samnansetning. Asteroiden vart oppdaga 8. mars 1861 av Ernst Tempel og namnsett etter den frygianske jordgudinna Kybele.

65 Cybele
Oppdaging A
Oppdaga av Ernst Wilhelm Tempel
Oppdaga dato 8. mars 1861
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet (Cybele)
BaneelementC JPL
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5)
Solfjerne (aphel, Q) 567,544 mill. km (3,794 AE)
Solnære (perihel, q) 459,654 mill. km (3,073 AE)
Stor halvakse (a) 513,599 mill. km (3,433 AE)
Eksentrisitet (e) 0,105
Omløpsperiode (P) 2323,521 d (6,36 år)
Gjennomsnittleg banefart 16,03 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 279,683°
Banehelling (i) 3,548°
Lengda til oppstigande knute ) 155,808°
Perihelargument (ω) 105,757°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 237,3 km
Masse 1,4×1019 kg
Tettleik ? g/cm³
Overflategravitasjon 0,0663 m/s²
Unnsleppingsfart 0,1255 km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo 0,071 [1]
Spektralklasse C
Absolutt storleiksklasse: 6,62
Overflatetemperatur: ~150 K

Første stjerneokkultasjon av Cybele vart observert 17. oktober 1979 frå Sovjetunionen. Ein diameter på 230 km kom fram, noko som passa bra med diameteren på 237 km IRAS-satellitten seinare kom fram til. Under okkultasjonen vart det mogelegvis observert ein satellitt med ein diameter på 11 km.[2]

Kjelder endre

  1. http://www.psi.edu/pds/resource/albedo.html
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. mai 2006, henta 1. mai 2006