944 Hidalgo

asteroide

944 Hidalgo er ein uvanleg asteroide, og har den lengste baneperioden (13,77 år) av alle asteroidane i det klassiske asteroidebeltet.

944 Hidalgo
Oppdaging A
Oppdaga av Walter Baade
Oppdaga dato 31. oktober 1920
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet,
jupiterkryssande asteroide,
saturnkryssande asteroide
BaneelementC JPL
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Solfjerne (aphel, Q) 1427,003 mill. km (9,539 AE)
Solnære (perihel, q) 291,846 mill. km (1,951 AE)
Stor halvakse (a) 859,425 mill. km (5.745 AE)
Eksentrisitet (e) 0,659
Omløpsperiode (P) 5029,467 d (13,77 år)
Gjennomsnittleg banefart 12,43 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 346,285°
Banehelling (i) 42,567°
Lengda til oppstigande knute ) 21,549°
Perihelargument (ω) 56,569°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 20 km
Masse 8,4·1015 kg ?
Tettleik 2 g/cm³ ?
Overflategravitasjon 0,0056 m/s² ?
Unnsleppingsfart 0,011 km/s ?
Rotasjonsperiode 0,419 29 d[1]
Albedo 0,1 ?
Spektralklasse D-type-asteroide
Absolutt storleiksklasse: 10,77
Overflatetemperatur: ~116 K

Med ein høg eksentrisitet på 0,66, så tar perihelen hans (1,95 AE) han til det indre av asteroidebeltet, mens aphelen hans på 9,54 AE tar han heilt ut til banen til Saturn, ein bane vanlegvis forbeholdt kometane i saturnfamilien. Somme astronomar mistenker difor at han ein gong var ein komet. Strengt sett er Hidalgo heller ein saturnstreifar enn ein saturnkryssar da aphelen hans ikkje går utover den til Saturn. Den svære banehellinga til Hidalgo (43°) mistenker ein at er eit resultat av ein nærkontakt med Jupiter. Diameteren til asteroiden er berekna til å vera 20 km.

944 Hidalgo blei oppdaga av Walter Baade 31. oktober 1920Bergedorfobservatoriet nær Hamburg i Tyskland. Tyske astronomar observerte ein total solformørking i Mexico 10. september 1923 og hadde ein audiens med presidenten i Mexico, og for å ære dette namnsette dei asteroiden etter den meksikanske helten Miguel Hidalgo y Costilla.