A Deepness In the Sky

A Deepness In the Sky (1999) er ein science fiction-roman av Vernor Vinge. Forteljinga handlar om ei tid då menneska har befolka store delar av galaksen og romfart mellom ulike solsystem er daglegdags. (Ho er ein forløpar til romanen A Fire Upon the Deep, sjølv om sistnemnde kom ut sju år tidlegare og handlinga der går føre seg 30 000 år lengre fram i tid.) For denne romanen vann Vinge i 2000 Hugo-prisen for beste roman, noko som er ei av dei største æresbevisningane ein science fiction-forfattar kan få.

Mykje av handlinga i romanen finn stad i romstasjonen Hammerfest, der menneske frå svært ulike kulturar (og solsystem), som aldri før har hatt kontakt med kvarandre, blir nøydde til å leva i lag og læra seg å samarbeida, etter at romskipa deira vert øydelagde slik at dei ikkje kan reisa heim til sine eigne respektive solsystem. Dei sosiale og etiske konfliktane som oppstår i dette samlivet, og ikkje minst når dei møter ein fullstendig framand kultur av intelligente ikkje-menneskelege vesen frå ein planet i nærleiken, er engasjerande og tankevekkjande for lesaren.

Ei interessant side ved forteljinga er at folk (som reiser i rommet) oppgjev alle tidsrom i sekund, kilosekund eller megasekund, aldri i dagar eller år, som jo er planetspesifikke måleeiningar og difor lite nyttige i romfart.

Ein kuriositet for norske lesarar er kapitlet om sivilisasjonen på Trygve Ytre, den ytste av månane til planeten Trygve, der innbyggjarane har norskklingande namn som Gunnar Larson.