A Great Day in Harlem

A Great Day in Harlem eller Harlem 1958 er eit svartkvitt gruppebilete frå 1958 av 57 jazzmusikarar på ei gate i Harlem i New York City.

Art Kane, ein frilansfotograf som jobba for magasinet Esquire, tok biletet rundt klokka 10, sommaren 1958. Musikarane hadde samla seg på 126th Street, mellom Fifth og Madison Avenue i Harlem.

Esquire publiserte biletet i 1959 januarutgåva. Jean Bach, ein radioprodusent frå New York, gjenfortalte historia bak biletet i dokumentarfilmen sin A Great Day in Harlem i 1994. Filmen vart nominert i 1995 til Oscar for Beste dokumentar.

Biletet var ei viktig brikke i Steven Spielberg-filmen The Terminal. I filmen har Tom Hanks rolla som Viktor Navorski, ein person som reiser til Sambandsstane på jakt etter autografen til saksofonisten Benny Golson, slik at han kan fullføre faren si samling av autografar frå musikarane på biletet.

Musikarar i biletet endre

Bakgrunnsstoff endre