A Man Needs a Maid

A Man Needs a Maid
Song av Neil Young
frå albumet Harvest
Språk engelsk
Utgjeve 1. februar 1972
Innspelt London
Sjanger Ballade
Lengd 2:03
Selskap Reprise
Komponist Neil Young
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young
Jack Nitzsche

«A Man Needs a Maid» er ein song av Neil Young frå albumet Harvest i 1972.

Songen omhandlar ein mann som tenkjer over starten på eit nytt kjærleiksforhold, men snakkar om han i staden for å gå inn i eit forhold, kanskje han berre burde hyre ei hushjelp i staden for. I denne meininga får ordet «maid» (som kan tyde «hushjelp» og «jomfru») to tydingar. Dette gav Young trøbbel med feministar då songen kom ut i 1972, sidan han såg ut til å implisere at det å ha ein kjæraste betydde det same som å ha nokon å lage mat til seg og rydde opp etter seg.[1] I teksten nemner Young at han vert forelska i ei skodespelarinne i ein film, og dette er truleg sjølvbiografisk. Young var på denne tida saman med Carrie Snodgrass, ei stjerne i filmen Diary of a Mad Housewife frå 1970.

To give a love,
you gotta live a love.
To live a love,
you gotta be "part of"
When will I see you again?

Neil Young (1972)

I tillegg til at teksten til Young vart kritisert, vart òg det musikalske arrangementet kritisert. På konsertane sine hadde han spelt songen med berre seg og eit piano, men på plata nytta han heile London Symphony Orchestra, noko mange syntes var altfor mykje.[1] Young forsvarte seg sjølv mot kritisismen då han inkluderte «A Man Needs a Maid» på samlealbumet Decade frå 1977. Han skreiv i omslaget at «Robin Hood elska ei jomfru (maid) lenge før kvinnefrigjeringa» og sa at Bob Dylan hadde fortald han at han likte arrangementet.

Kjelder endre