A Trick of the Tail

A Trick of the Tail
Studioalbum av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1976
Innspelt Oktober og november 1975
Studio Trident Studios i London
Sjanger
Lengd 51:01
Selskap Charisma
Produsent David Hentschel og Genesis
Genesis-kronologi 
The Lamb Lies Down on Broadway
(1974)
A Trick of the Tail Wind & Wuthering
(1976)


Singlar frå A Trick of the Tail
  1. «Entangled»
    Utgjeve: 20. februar 1976

A Trick of the Tail er det sjuande studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Genesis. Det kom ut i februar 1976 på Charisma Records og var det første albumet deira med trommeslagaren Phil Collins som solovokalist etter at Peter Gabriel slutta. Albumet vart kritikarrost og selde godt, og nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia og 31. plassen i USA.

Etter at Gabriel valde å forlate bandet, ønskte dei attverande medlemmane å halde fram og synte at dei kunne framleis skrive og spele inn materiale med suksess. Gruppa skreiv og øvde inn nye songar i midten av 1975, og lytta til kring 400 lydband for å finne ein erstattar som frontmann. Dei gjekk inn i Trident Studios i oktober med produsenten David Hentschel for å spele inn albumet utan ein endeleg plan om kven om skulle syngje solovokal. Til slutt vart Collins overtydd til å syngje «Squonk», og framføringa var så bra at han song solo på resten av albumet.

Då albumet kom ut var kritikarane imponerte over den betra lydkvaliteten og at gruppa klarte å overleve utan Gabriel og utan at det gjekk utover kvaliteten på musikken. Gruppa drog ut på turné med Collins som frontmann og Bill Bruford som ekstra trommeslagar, og konsertane gjorde Genesis meir kjende i USA. Albumet har kome ut på CD fleire gonger, mellom anna ei luksusutgåve med bonusspor i 2007.

Bakgrunn endre

Det opphavlege medlemmet og songaren Peter Gabriel valde å forlate Genesis seint i 1974, halvvegs gjennom The Lamb Lies Down on Broadway-turneen.[1] Dei andre medlemmane håpte han kom til å ombestemme seg, sidan dei hadde gjeld og meinte at det kom til å øydeleggje framtida til bandet. Til slutt aksepterte dei at han for.[2] Dei attverande medlemmane kjende at dei framleis ønskte å spele i lag, og syne journalistar og kritikarar at dei hovudsakleg var eit godt låtskrivarlag som framleis kunne skape god musikk.[3] Klaverspelaren Tony Banks hadde vore ein nær ven av Gabriel , og ønskte ikkje at bandet skulle oppløysast i tillegg til at han kom til å sjå mindre til ein av dei beste venene sine.[4] Han hadde skrive fleire songar for eit mogeleg soloprosjekt før dei valde å bruke desse songane på eit nytt Genesis-album.[5]

Etter turneen var over, spelte gitaristen Steve Hackett inn soloalbumet Voyage of the Acolyte med gitaristen/bassisten Mike Rutherford og trommeslagaren Phil Collins, og var usikker på om Genesis kom til å overleve.[6][3] Han gjekk attende til gruppa i juli 1975.[7] Banks og Rutherford ønskte særleg å skrive og spele inn nye songar slik at kritikarar og fansen kom til å akseptere at Gabriel var borte.[4] Gruppa byrja å øve i eit kjellarstudio i Acton og skreiv raskt songar dei var nøgde med, men hadde ikkje enno funne ein ny songar. Dei sette ei anonym annonse inn i musikkavisa Melody Maker etter «ein songar for ei Genesis-aktig gruppe», og fekk kring 400 svar. Somme av søkjarane sendte bilete av seg sjølv i kostyme og maske slik Gabriel hadde gjort på scenen. Etter ei par veker med øvingar, klarte Melody Maker å finne ut at Gabriel hadde slutta i bandet, og fortalte om dette på framsida i utgåva som kom ut 16. august, der journalisten Chris Welch erklærte at Genesis var over. Gruppa snakka med musikkavisa og nekta for at dei skulle gje seg og forklarte at dei hadde skrive eit nytt album som dei venta på å få spelt inn.[8][6]

Innspeling endre

Innspelinga byrja i Trident Studios i oktober 1975 med produsenten David Hentschel. Hentschel hadde styrt lydbanda og vore lydteknikar på tidlegare Genesis-album og Collins var fan av albumet hans Startling Music, ei nyinnspeling av Ringo Starr-albumet Ringo på ein ARP 2500-synthesizer.[9] Collins tenkte at gruppa kunne halde fram som eit instrumentalband, men dei andre i bandet meinte det kom til å bli keisamt utan vokal.[6] Gruppa hadde framleis ikkje funne ein erstattar, så dei valde å starte innspelinga av lydspora og samtidig leite etter songarar.[9] Gabriel vitja bandet i studioet og lytta til albumet, og meinte dei hadde klart å bevise at dei framleis var «eit heilt, sterkt band utan meg».[10] Han visste at gruppa kunne skrive bra nok materiale, men at det verka så lett overraska han mest.[11]

Somme songar, som «Ripples...» vart skrivne med tanken om at Collins skulle syngje dei, slik som på «More Fool Me» på Selling England by the Pound, men han ønskte ikkje å ta over som permanent songar, og hadde i staden tenkt å lære potensielle nye songarar songane.[12] Gruppa ønskte ein fast frontmann for konsertane deira, sidan dei tenkte at Collins ikkje ville klare å både syngje vokalpartia til Gabriel og spele trommer samstundes.[13] Ein av dei som prøvesong, Mick Stickland, vart invitert i studio, men lydspora var i ein toneart som var utafor den naturlege rekkjevidda hans, så dei valde å ikkje arbeide med han.[14][15] Sidan dei ikkje fann ein høveleg vokalist, gjekk Collins motvillig i studio for å syngje «Squonk». Bandet likte framføringa han så godt at dei meinte han burde syngje resten òg og bli den nye songaren deira.[15] Hentschel vart verande som medprodusent på framtidige Genesis-album fram til Duke i 1980.[16]

Songar endre

 
«Squonk» er basert på ein mytisk skapning frå USA som illustrert her frå Fearsome Creatures of the Lumberwoods, With a Few Desert and Mountain Beasts (1910).

Opningssporet, «Dance on a Volcano», var den første songen dei skreiv for albumet. Rutherford meinte at i motsetnad til materialet på The Lamb..., var denne lett å skrive, og var meint å syne korleis Genesis kunne gå vidare.[6] «Entangled» oppstod frå eit stykke av Hackett som Banks særskild likte og skreiv refrenget og den avsluttande synthesiser-solo. Hackett skreiv òg teksten som Collins meinte hadde ei Mary Poppins-kjensle.[17] Rutherford hugsa at Hackett «byrja å skrive versa som var særs luftig og så kom ned med eit smell».[15] «Squonk» er basert på den nordamerikanske soga om ein squonk, ein skapning som når han vert fanga oppløyser seg i ein dam av tårer.[18] Songen kombinerer eit hovudtema skriven av Rutherford mot ein midtre del skriven av Banks, og vart utforma til å høyrast ut som Led Zeppelin sin «Kashmir».[6][4]

«Robbery, Assault and Battery» vart hovudsakleg skriven av Banks, i eit forsøk på å etterlikne humoren i somme av tekstane til Gabriel. Collins, som òg medverka med låtskrivinga, song songen som ein rollefigur, inspirert av den tidlegare rolla hans som Artful Dodger i Oliver! før han vart profesjonell musikar.[17][19] «Ripples...» var ein kombinasjon av eit stykke på 12-strengsgitar komponert av Rutherford og ein pianobasert midtre del av Banks.[4] Banks-songen «A Trick of the Tail» tok form som ein song somme år før bandet spelte han inn. Han var inspirert av romanen The Inheritors av William Golding og «Getting Better» av The Beatles og skreiv om eit romvesen som vitja jorda.[19] Då dei skulle velje songar for albumet, ønskte han å ha med «noko lettare og meir lunefullt.»[17]

Avslutningssporet, «Los Endos», vart skriven av heile bandet. Collins kom opp med den grunnleggjande rytmen, inspirert av arbeidet sitt i sideprosjektet Brand X og «Promise of a Fisherman» av Santana, og ønskte å ta inn ein lausare spelestil i Genesis.[20] Banks og Hackett skreiv hovudtema, inkludert reprisane av «Dance on a Volcano» og «Squonk», og Collins song nokre linjer frå «Supper's Ready» (frå albumet Foxtrot frå 1972) i uttoninga, som ei hyllest til Gabriel. Opningsstykket vart innspelt for ein heilt annan song, «It's Yourself», som sidan vart gjeven ut som ei B-side.[21] Songen vart ein konsertfavoritt, og vart spelt heilt fram til Turn It On Again-turneen i 2007.[22] I 2014 spelte Hackett songen på Genesis Revisited II-turneen sin.[23]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [24]
Q     [25]
Uncut     [26]
The Rolling Stone Album Guide     [27]
The Music Box     [28]

A Trick of the Tail fekk positiv respons hos musikkritikarane, som var imponerte over at gruppa klarte å overleve tapet av Gabriel og levere eit godt album.[29] Lydkvaliteten var betre enn på tidlegare album med Hentschel som produsent.[30] Albumet nådde tredjeplassen i Storbritannia og låg inne på lista i 39 veker, og 31. plassen i USA.[31] Det selde til gullplate i Storbritannia i juni[32] og i USA i mars 1990.[33] Det gode salet gjorde at dekka det meste av gjelda dei hadde fått etter Gabriel slutta.[34]

For første gongen i karrieren filma Genesis musikkvideoar for songane sine. Den første vart filma til tittelsporet, der bandet spelar til songen kring eit piano, inkludert bilete av ein miniatyr-Collins som hoppar rundt på eit piano og ein gitar.[14] Gruppa laga òg musikkvideoar til «Ripples...» og «Robbery, Assault and Battery».[35]

Adam and the Ants-medlemmen Chris Hughes reknar A Trick of the Tail som eit av dei 10 beste progressive rockealbuma.[36]

Turné endre

Sjølv etter albumet var ferdig, var Collins misnøgd med å måtte forlate trommesettet og syngje solo, og bandet var ikkje sikre på om han var rett mann som frontmann på turneen.[6] Gruppa valde å prøve likevel, og trengde nokon som kunne spele trommer medan Collins song. Collins insisterte på å velje trommeslagar sjølv, og valde Bill Bruford, som han alt hadde arbeidd med i Brand X. Collins fortsette å spele trommer under instrumentalane.[29]

Den nye besetninga øvde i Dallas for ein nordamerikansk turné, som byrja i London i Ontario. Collins var nervøs for kva han skulle seie til publikum mellom songane, så Rutherford og Hackett hjelpte til med noko av pratinga. I motsetnad til den teatralske tilnærminga til Gabriel, utvikla Collins ein meir humoristisk tone med publikum, og det vart raskt ein suksess.[37] Publikum var glade for å høyre Collins syngje gammalt materiale som «Supper's Ready», og turneen gjorde Genesis meir kjende i USA, der dei hadde vore relativt ukjende medan Gabriel var i bandet.[38]

Innhald endre

Dette var det første Genesis-albumet der låtskrivarane vart oppførte individuelt, og ikkje heile bandet.[6]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Dance on a Volcano»Mike Rutherford, Tony Banks, Steve Hackett, Phil Collins5:55
2.«Entangled»Hackett, Banks6:27
3.«Squonk»Rutherford, Banks6:29
4.«Mad Man Moon»Banks7:36
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Robbery, Assault and Battery»Banks, Collins6:16
2.«Ripples...»Rutherford, Banks8:06
3.«A Trick of the Tail»Banks4:35
4.«Los Endos» (instrumental)Collins, Hackett, Rutherford, Banks5:46[18]
Total lengd:51:01

SACD/CD/DVD-utgåva frå 2007 endre

Ein ny versjon av A Trick of the Tail kom ut i Storbritannia og Japan i 2007 som ein del av plateboksen Genesis 1976–1982. Dette omfatta heile albumet miksa på ny i stereo, kringlyd, med tilknytte videospor. Ein DVD til kom ut med lyd- og videospor, intervju med bandet, musikkvideoar og filmen Genesis: In Concert frå turneen deira i 1976.[39]

Medverkande endre

Genesis

Produksjon

  • Genesis – produksjon
  • David Hentschel – produksjon, lydteknikar
  • Nick «Haddock» Bradford – lydteknikar
  • Tex and Jeff – utstyr
  • Neal, John and Terry – flytande varer
  • Hipgnosis – design
  • Colin Elgie – design

Salstrofé endre

Organisasjon Level Date
BPI – UK Gull[32] 1. juni 1976
RIAA – US Gull[33] 20. april 1990

Kjelder endre

  1. Bowler & Dray 1992, s. 103.
  2. Bowler & Dray 1992, s. 104.
  3. 3,0 3,1 Bowler & Dray 1992, s. 108.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Bowler & Dray 1992, s. 113.
  5. «Interview with Tony Banks by Dave Negrin». 2009. Henta 24 Mars 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Rutherford 2014, s. 76.
  7. Bowler & Dray 1992, s. 111.
  8. Bowler & Dray 1992, s. 114–115.
  9. 9,0 9,1 Bowler & Dray 1992, s. 117.
  10. Welch, Chris (6 Desember 1975). «Behind Peter Gabriel's mask». Melody Maker. s. 8–9. Henta 11. mars 2020. 
  11. Charone, Barbara (2 Oktober 1976). «Toronto tales of the overkill kid». Sounds: 24–26. Henta 11. mars 2020 – via The Genesis Archive. 
  12. Bowler & Dray 1992, s. 114.
  13. Dallas, Karl (27. september 1975). «Here beginneth the second chapter of Genesis». Melody Maker: 3. Henta 11. mars 2020. 
  14. 14,0 14,1 Rutherford 2014, s. 77.
  15. 15,0 15,1 15,2 Bowler & Dray 1992, s. 118.
  16. Bowler & Dray 1992, s. 165.
  17. 17,0 17,1 17,2 Blake, Mark (1. februar 2019). «Genesis: the miracle of A Trick of The Tail and life without Peter Gabriel». Prog. Henta 11. mars 2020. 
  18. 18,0 18,1 18,2 A Trick of the Tail. Charisma Records. 1976. CDS 4001. 
  19. 19,0 19,1 Bowler & Dray 1992, s. 120.
  20. Blake, Mark (26. februar 2016). «Phil Collins: from Genesis to resurrection». Loudersound. Henta 11. mars 2020. 
  21. Bowler & Dray 1992, s. 113–114.
  22. «Genesis – When in Room 2007». AllMusic. Henta 11. mars 2020. 
  23. «Review: Steve Hackett, Royal Concert Hall, Nottingham». Nottingham Post. 27 Oktober 2014. Arkivert frå originalen 3. juni 2015. Henta 11. mars 2020. 
  24. Erlewine, Stephen Thomas (2011). «A Trick of the Tail – Genesis | AllMusic». allmusic.com. Henta 23. februar 2020. 
  25. Andy Fyfe Q, 2007. mai Issue 250.
  26. Mick Houghton Uncut, 2007. mai Issue 120.
  27. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327–328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  28. John Metzger (18. juni 2007). «Genesis – A Trick of the Tail (Album / Surround Sound Review)». Musicbox-online.com. Henta 11. mars 2020. 
  29. 29,0 29,1 Bowler & Dray 1992, s. 122.
  30. Smith, Bradley (1997). The Billboard Guide to Progressive Music. Billboard Books. s. 83. ISBN 978-0-823-07665-9. 
  31. «Happy anniversary : Genesis, A Trick of the Tail». Rhino. Henta 11. mars 2020. 
  32. 32,0 32,1 «Certified Awards». BPI. Select keyword «Genesis», By award : Gold, By Format : Album, navigate to page 3. Arkivert frå originalen 10. juli 2017. Henta 3. april 2015. 
  33. 33,0 33,1 «RIAA Gold and Platinum Search for albums by Genesis». Recording Industry Association of America. Arkivert frå originalen 8. mars 2020. Henta 5. august 2011. 
  34. Zammitt, David (16. november 2014). «Beyond the Stool : Drummers in the Spotlight». DIY Magazine. Henta 11. mars 2020. 
  35. «See Mike Rutherford's Career From Genesis to the Mechanics in 13 Videos». Rollingstone.com. 5. februar 2015. Arkivert frå originalen 15. september 2015. Henta 11. mars 2020. 
  36. Louder, TeamRock2017-08-03T15:39:00 214Z. «The 10 best prog albums, as chosen by Chris Merrick Hughes». loudersound. 
  37. Bowler & Dray 1992, s. 123.
  38. Bowler & Dray 1992, s. 124.
  39. «Trick of the Tail (CD/DVD)». Genesis (official web store). Arkivert frå originalen 6. mai 2015. Henta 11. mars 2020.