Aase Nordmo Løvberg

norsk professor og songar

Aase Nordmo Løvberg (fødd 10. juni 1923 i Målselv, død 25. januar 2013)[1] var ein norsk operasongar. I ei årrekke song ho med Jussi Björling ved Kungliga Operan i Stockholm. Ho song under namngjetne dirigentar som Herbert von Karajan og sir Georg Solti.

Aase Nordmo Løvberg

Fødd10. juni 1923
FødestadMålselv kommune
Død25. januar 2013 (89 år)
DødsstadLillehammer kommune
OpphavNoreg, Sverige
Aktiv1945–2013
Sjangeropera
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somprofessor, operasongar, opera director
Gift medBørt-Erik Thoresen
PrisarOslo bys kulturpris, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Kommandør av St. Olavs Orden, Riddar av Nordstjerneordenen

Nordmo Løvberg debuterte i Oslo i 1948. I perioden 1952 til 1970 budde ho i Stockholm, avbrote av nokre opphald ved Wiens Statsopera og Metropolitan Opera i New York.

Av utdrag frå den norske yrkeskarrieren, kan ein nemne at ho vart lektor ved Musikkonservatoriet i Oslo 1970. Ho vart vidare professor ved Norges musikkhøgskole i perioden 1973–90 og var sjef ved Den Norske Opera frå 1978–81.

Ho var gift med Børt-Erik Thoresen (død 2011) og budde på Lillehammer siste delen av livet.

Utmerkingar endre

Referansar endre

  1. Susanne Noreng (26. januar 2013). ««Nordnorges store operastjerne har gått bort»». Nordlys. Henta 26. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff endre