Abdus Salam

pakistansk fysikar

Abdus Salam (29. januar 192621. november 1996) var ein pakistansk fysikar som fekk nobelprisen i fysikk i 1979 saman med Steven Weinberg og Sheldon Glashow. Han fekk nobelprisen for bidraget sitt til utviklinga av ein einskapleg teori for svak og elektromagnetisk vekselverknad. Salam er den einaste pakistanske nobelprisvinnaren og den første muslimske nobelprisvinnaren i realfag. Gildskapen av teorien vart stadfesta gjennom eksperiment utført på Supar Proton Synchrotron-anlegget ved CERN i Genève, særleg gjennom funnet av W- og Z-boson. I dag blir Abdus Salam rekna for å ha vore ein av dei viktigaste vitskapsmennene i Pakistan.

Abdus Salam

Fødd29. januar 1926
Jhang i Punjab i Britisk India
Død21. november 1996 (70 år)
Oxford i England
StatsborgarskapPakistansk[1]
NasjonalitetPakistansk
OmrådeTeoretisk fysikk
Yrkeuniversitetslærar, teoretisk fysikar, fysikar
InstitusjonarImperial College London
Ministry of Science and Technology
Government College University
St John's College
International Centre for Theoretical Physics
Alma materUniversity of the Punjab
Government College
St John's College, Cambridge
DoktorgradsrettleiarNicholas Kemmer
Paul Matthews
DoktorgradsstudentarWalter Gilbert
Kjend forElektrosvak teori
Pakistans romprogram
Pakistans atomprogram
UtmerkingarNobelprisen i fysikk (1979)
Nishan-e-Imtiaz (1979)
Sitara-e-Pakistan (1959)
EktefelleLouise Johnson
MedlemRoyal Society
Det pavelege vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det ungarske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Indias nasjonale vitenskapsakademi
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Vitenskapsakademiet for utviklingsland
National Academy of Sciences
Det polske vitenskapsakademi

Nobelprisen
Nobelprisen i fysikk
1979

Barndom og utdanning endre

Berre fjorten år gammal fekk Salam dei høgaste karakterane som er registrert nokosinne for immatrikuleringseksamen ved Panjab Universitetet og han vann eit stipend til Government College, Panjab universitetet i Lahore. Som fjerdeårsstudent publiserte han arbeidet sitt med Srinivasa Ramanujan. Han fekk mastergrad sin frå Government College i 1946. Same år fekk han eit stipend til St. John's College ved Cambridge University, der han fullførte ein BAD-grad med Double First-Class Honors i matematikk og fysikk i 1949. I 1950, mottok han Smiths Prize frå Cambridge Universitetet for det mest meisterlege, predoktoriale bidraget til fysikk.

Han tok doktorgraden sin i teoretisk fysikk ved Cambridge universitetet. Doktoravhandlinga hans inneheldt grunnleggjande arbeid i kvanteelektrodynamikk. Då dette arbeidet vart utgjeve i 1951, hadde han allereie fått seg eit internasjonalt renommé og Adamsprisen.[2]

Vidare karriere endre

Han vende tilbake til Government College i Lahore som professor i matematikk frå 1951 til 1954 og reiste deretter tilbake til Cambridge som forelesar i matematikk.

På byrjinga av 1960-talet spelte Salam ei særs viktig rolle i skipinga av Pakistan Atomic Energy Commission (PAEC) - atomforskingsorganet i Pakistan - og Space and Upper Atmosphere Research Commission (SUPARCO) – romforskingsorganet i Pakistan. Her var han både grunnleggjar og direktør. Han medverka òg til å setje opp fem Superior Science-høgskular i Pakistan for å fremje vitskap i landet.

Han var grunnleggjar og direktør for det internasjonale senteret for teoretisk fysikk (ICTP) i Trieste i Italia, frå 1964 til desember 1993. Senteret har sidan vorte omdøypt til Abdus Salam International Centre for Theoretical Physics.[3]

Salam var overtydd om at «vitskaplege tenkjemåtar er den felles arven til menneskja», og at utviklingsland trong å hjelpe seg sjølv ved å investere i sine eigne forskarar som fremja utviklinga i landa og dermed redusere gapet mellom nord og sør. Dette ville samstundes bidra til ei meir fredeleg verd. Salam grunnla òg Third World Academy of Sciences (TWAS) og var ein leiande figur i etableringa av ei rekkje internasjonale senter tileigna til framgang for vitskap og teknologi.

I 1956 vart han invitert til å bli medlem av styret ved Imperial College London, der han og Paul Matthews bidrog til å skape ei livleg gruppe av teoretisk fysikarar. Han vart verande professor ved Imperial til han døydde. I 1959 vart han den gongen den yngste Fellow of the Royal Society, i ein alder av 33.

I 1998 utgav Pakistan eit frimerke som ber portretta hans som ein del av ein frimerkeserie med tittelen «Scientists of Pakistan».

Religiøs tilhøyre endre

Professor Abdus Salam høyrde til Ahmadiyya Muslim Jama'at[4], i Noreg kjent for blant anna nyårsdugnaden i Vigelandsparken[5] Sidan denne retninga i islam er kontroversiell for mange sunnimuslimar, fekk han heller aldri den respekten frå den pakistanske regjeringa under diktatoren Zia-ul-Haq som han fortente. Sjølv om han var ein from muslim heile livet sitt, førte ei lov vedteke i 1984 av regjeringa i Pakistan under general Zia-ul-Haq, til at teksta på gravsteinen hans vart endra frå det opphavlege «Første muslimske nobelprisvinnaren» til å lyde «Første nobelprisvinnaren».[6] Han såg religion som ein integrert del av det vitskaplege arbeidet sitt. Ein gong skreiv han:

«Den ærverdige Koranen pålegg oss å reflektere over sanninga til naturlover skapt av Allah. Likevel, det faktumet at generasjonen vår har vorte privilegert med å skimte ein del av utforminga hans er ein sjenerøsitet og nåde som eg berre kan takke med eit audmjukt hjarte».[7]

Ettermæle endre

Den 21. november 1996 døydde Salam i Oxford, i ein alder av 70 år, etter ein langvarig sjukdom. Lekamen hans vart frakta til Pakistan og vart send til Ahmadiyya Muslim Jama’ats hovudkvarter i byen Rabwah (seinare omdøypt til Chenab Nagar). Lekamen hans vart oppbevart i Dar-uz-Ziafat der 13 000 menn og kvinner fekk eit siste glimt av andletet hans. Om lag 30 000 menneske deltok i gravferdsbøna.Salam vart gravlagd på gravlunden Bahishti Maqbara i Rabwah, ved sida av foreldra sine.

Dr. Abdus Salam blir rekna for å vere ein av dei mest prominente teoretisk fysikarane og astrofysikarane som stammar frå Pakistan, og han er òg kjent som «den ukjende helten» av det kjernefysiske Pakistan.

Arbeidde til Salam og teoriane hans hadde og har framleis omfattande innverknad. Han er rekna som ein av dei mest respekterte vitskapsmennene i Pakistan. Dei vitskaplege teoriane hans og innsats hans gav han kjendisstatus i Pakistan og i andre islamske land.

Eit stort fleirtal av pakistanske vitskapsmannen rekna han som faren til vitskapen i landet. Innverknaden hans lever vidare i hjarta til det pakistanske folket. I 1998 skreiv regjeringa i Pakistan eit frimerke for å ære Abdus Salams bidrag og tenester for vitskapen.

Prisar (utval) endre

Institutt kalla opp etter dr. Abdus Salam endre

  • Abdus Salam National Center for Mathematics (ASNCM), Government College University, Lahore, Pakistan
  • Abdus Salam Center for Solid-State Physics(ASCSSP), Government College University, Lahore, Pakistan
  • Abdus Salam International Centre for Theoretical Physics , Trieste, Italia
  • The Edward Bouchet Abdus Salam Institute (EBASI)

Kjelder endre