Abelkonkurransen er ein årleg matematikkonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen, oppretta til minne om Niels Henrik Abel.

Konkurransen består av tre rundar: I første runde får ein tjue fleirvalsoppgåver som skal svarast på i løpet av 100 minutt, i andre runde får ein ti oppgåver med heiltalssvar som skal løyast i løpet av 100 minutt, og i finalen får ein 4 timer på seg til å gje fullstendige løysningar på fire vanskelegare oppgåver. Medan første runde vert heldt i november, vert finalen heldt i midten av mars kvart skuleår.

Dei tre beste i Abelfinalen kvalifiserer seg direkte til den internasjonale matematikkolympiaden (IMO), medan dei tre siste deltakarane vert tekne ut etter ein nordisk matematikkonkurranase i starten av april. I tillegg vert eit lag på fem personar tekne ut til Baltic Way, ein lagkonkurranse seinare på året.

Vinnarar endre

  • 1980: Kaare Danielsen, Holte Gymnasium, Danmark og Gunnar Fløystad, Åsane Gymnas, Noreg
  • 1981: John Rognes, Tåsen skole
  • 1982: Øystein Setekleiv, Christian August vgs
  • 1983: John Rognes, Berg vgs
  • 1984: John Rognes, Berg vgs
  • 1985: Hallvard Furuseth, Valler vgs
  • 1986: Stig Hemmer, Strinda vgs
  • 1987: Anders Høyer Berg, Nadderud vgs
  • 1988: Arne H. Juul, Tranberg vgs
  • 1989: Arne Aas, Trondheim katedralskole
  • 1990: Oddvar Kloster, Fana gymnas
  • 1991: Morten Kloster, Fana gymnas
  • 1992: Jan Kristian Haugland, Vennesla vgs
  • 1993: Ron Dror, Frydenberg vgs
  • 1994: Håvard Larsen, Firda vgs
  • 1995: Håvard Larsen, Firda vgs
  • 1996: Vigleik Angeltveit, Porsgrunn vgs
  • 1997: Magnus Dehli Vigeland, Berg vgs
  • 1998: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
  • 1999: Øyvind Grotmol, Berg vgs
  • 2000: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
  • 2001: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
  • 2002: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
  • 2003: David Kunszenti-Kovacs, Lycee Francais
  • 2004: Paul Kjetel Soldal Lillemoen, Øystese Gymnas
  • 2005: Jørgen Vold Rennemo, Hammartun skole og Nina Holden, Bergs vgs
  • 2006: Jørgen Vold Rennemo, Lillehammer vgs
  • 2007: Jørgen Vold Rennemo, Lillehammer vgs
  • 2008: Jørgen Vold Rennemo, Lillehammer vgs
  • 2009: Andrés Goméz Emilsson, Red Cross United World College
  • 2010: Tony Valle, Hammerfest vgs
  • 2011: Karl Erik Holter, Stabekk vgs
  • 2012: Sofia M. Lindqvist, Trondheim katedralskole
  • 2013: Einar Bogsnes Hegge, Kvinnherad vgs
  • 2014: Johan Sokrates Wind, Kongsbakken vgs
  • 2015: Johan Sokrates Wind, Kongsbakken vgs og Muxuan Yan, Red Cross Nordic UWC
  • 2016: Weronika Wrzos-Kaminska, Nadderud vgs
  • 2017: Marius Stensrud, Ski vgs
  • 2018: Andreas Alberg, Fagerborg skole

Bakgrunnsstoff endre