Abhuritt er eit tinn- og klorhaldig mineral med formelen Sn3O(OH)2Cl2.[1] Det er funne på tinnbarrar i eit 100 år gammalt skipsvrak i Raudehavet og er kalla opp etter vika Sharm Abhur, der skipsvraket vart funne. Det er òg funne på tinntallerkenar i eit skipsvrak frå kring 1680 utanfor Hidra i Vest-Agder.

Mohs-skalaen er på nivå 2.

Kjelder endre

  1. Richard V. Gaines, H. Catherine W. Skinner, Eugene E. Foord, Brian Mason, and Abraham Rosenzweig: "Dana's new mineralogy", p. 401. John Wiley & Sons, 1997

«abhuritt» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre