Abidjan er den største byen i Elfenbeinskysten, og var fram til 1984 også hovudstaden i landet. Byen ligg ved Ebrié-lagunen ut mot Atlanterhavet, og dersom ein reknar med forstader, har han eit folketal på rundt 3 millionar. Byen var lenge ein nokså liten og uviktig stad, men ei utbygging av hamna i dei siste tiåra har auka folketalsveksten.

Abidjan
by
Land  Elfenbeinskysten
Areal 2 119 km²
Folketal 4 980 000 (2016)[1]
Kart
Abidjan
5°20′11″N 4°01′36″W / 5.3363888888889°N 4.0266666666667°W / 5.3363888888889; -4.0266666666667
Wikimedia Commons: Abidjan

Byen blei grunnlagt i 1903 og var hovudstad i den franske kolonien Côte d’Ivoire i perioden frå 1934 til 1960. Då landet fekk sjølvstende heldt byen på denne rolla fram til 1984, då Yamoussoukro vart ny hovudstad. Abidjan er det finansielle og kulturelle senteret for det fransktalande Vest-Afrika og blir ofte omtalt som «Vest-Afrikas Paris».

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.